Sjå videointervju over

Gjestane fekk sjå seg rundt mellom anna om bord i eit av skipa og i dokkhallen. Konsernsjef Gunvor Ulstein hadde berre godord å kome med om prosjektet.

– Eg skulle ønskje det var noko slikt då eg starta i næringslivet. Det er fantastisk å kunne snakke med folk på sin eiga alder og utveksla erfaringar og synspunkt, fortel Ulstein til smp.no.

(saka held fram under)

Kronprins Haakon takka for besøket og meinte dei hadde mykje å lære av familiebedrifta som har vore gjennom både oppturar og nedturar opp gjennom si nær 100 år lange historie.