– Dette vil svekke nødvendig omstilling og nyskaping i Møre og Romsdal, skriv fylkesordførar Jon Aasen i eit brev til Kommunal- og moderniseringsminister Jan Tore Sanner.

For: I framlegget til statsbudsjett for 2017 er Møre og Romsdal tildelt 59 millionar kroner i regionale utviklingsmidlar. Det er eit kutt på 18,5 millionar kroner, ein nedgang på 24 prosent, i høve til 2016.

Dette har fått fleirtalet på fylkestinget til å reagere.

- Forslaget kan få dramatiske verknader for nødvendig omstilling og utvikling av næringsliv og lokalsamfunn i Møre og Romsdal, åtvarar fylkesordførar Jon Aasen, - næringsklynger og innovasjonsmiljø kan bli svekka, satsing på tettstadutvikling redusert, og færre gründerar kan få støtte.

Dei regionale utviklingsmidlane er ei årleg løyving over statsbudsjettet, som fylkeskommunane får for å løyse oppdraget sitt som regional utviklingsaktør. Midlane blir tildelt utviklingsprosjekt i regi av kommunar, organisasjonar og bedrifter, og pengane skal brukast i tråd med måla i regjeringa sin distrikts- og regionalpolitikk.

Av den årlege løyvinga disponerer Innovasjon Norge om lag halvparten, medan resten blir fordelt mellom fylkeskommunen og kommunale næringsfond.

Tilskot til regional utvikling skal vere utløysande, det vil seie at det berre skal nyttast der tilskotet er heilt avgjerande for realiseringa av eit tiltak. Minst halvparten av kostnadane i eit prosjekt må finansierast frå andre kjelder.