Boka «Are Kalvø på scenen» er ifølge Samlaget det næraste ein nokon gong kjem ein biografi om Kalvø.

I boka kan ein lese om Kalvøs over 20 år lange sceneliv, frå den første blasfemiskuldinga frå russerevyen på Stranda.

Kalvø skriv om karrieremilepæler som standupdebut på homseklubb, det første trusselbrevet og dagen han forstod at ein ball kan syngje. Boka inneheld mellom anna tekstane frå «Norge-Brasil – ein fotballopera» som hadde premiere i Nordfjord i 2010.

Are Kalvø har i løpet av karrieren vore nominert til Komiprisen heile 15 gonger, og til Heddaprisen for beste førestilling for nettopp fotballoperaen.