En mann i 30-åra blir meld til politiet etter etter ei hending i Volda ved 14.30-tida, onsdag:

- Den første som kontakta oss fortalde at ein kar var slått ned, men då vi kom til staden viste det seg at vedkommande var blitt dytta - vesentleg mindre alvorleg med andre ord, seier operasjosleiar John Bratland ved Møre og Romsdal politidistrikt.

- Når mannen blir meld til politiet er det fordi han også skal ha vore trugande og kome med sjikane, legg han til.

Mannen som vart dytta vart tatt med til legevakt for ein sjekk, men skal ifølgje politiet ikkje vere vidare skadd.

Gjerningsmannen er kjend for politiet.