- Det var det einaste eg fann i sentrum på nettet, sånn i farta. 545 kroner natta skulle dei ha, på det som heiter Saga Poshtel i Oslo. Eg burde kanskje ha skjøna at det var i billegaste laget, seier ordføraren leande på telefon frå hovudstaden.

Ifølgje eige utsegn er Bjørlo i Oslo for å diskutere den tronge økonomien i Eid med Venstre sine folk på Stortinget.

- Og, seier han, og repeterer med det noko av teksten han onsdag kveld la ut på Facebook saman med eit bilde av rommet:

- No blir det i alle fall ingen problem å argumentere for at vi tar den tronge kommuneøkonomien på alvor.

For det Bjørlo trudde var eit rom for seg sjølv, viste seg altså å vere eit firemannsrom.

- Eg har fått plass i senga nede til høgre på bildet, fortel han.

- Du ville kanskje også helst hatt ei seng til venstre?

- Hehe, ja helst. Men eg trur ikkje eg skal ta den kampen her. For medan det bur ein hyggeleg rumenar i overkøya, bur det eit koreansk kjærastepar på andre sida, seier han.

- Du har tenkt å sove på rommet?

- Klart det, ikkje noko problem. Poshtel betyr forresten ungdomsherberge, det er berre litt finare skrive, fortel ordføraren. Når smp.no er i kontakt med han, veit han ikkje om det er frukost med i prisen.

- Du, det har eg faktisk ikkje summa meg nok til å sjekke enno, ler han.