16-åringen kom til Norge for eitt år sidan etter ei lang og farefull reise via Iran, Tyrkia, Hellas og på kryss og tvers gjennom Europa. Sidan mars har han budd på asylmottak for einslege mindreårige asylsøkjarar i Herøy, og han har hatt språkundervisning i regi av kommunen,saman med andre mindreårige asylsøkjarar.

Lærarane omtalar guten som ein ressurs for heile gruppa, sidan han har lært seg norsk, og også snakkar engelsk.

16-åringen fortel at han har blitt godt motteken i Herøy.

– Nordmenn er snille. Dei hjelper oss. Ein dag eg var på butikken hadde eg gløymt att pengane. Då var det ei dame der som betalte for meg, seier han.

Avslag

Denne veke fekk han, og ein annan mindreårig afghansk gut i Herøy, beskjed frå UDI om at dei ikkje får innvilga asylsøknadane.

– Eg er veldig redd, og vil ikkje reise tilbake til Afghanistan. Eg trur Taliban vil spore opp og drepe dei som kjem tilbake, seier han på norsk.

Thomas Urdshals er advokat til 16-åringen. Han stadfestar av avslaget er knytt UDI si vurdering av faren ved å returnere.

–Det er usemje mellom guten og UDI om han er utsett for reell risiko i forhold til å reise tilbake til Afghanistan, seier Urdshals.

Strengast

I fjor kom det 5.300 einslege mindreårige asylsøkjarar til Norge.To av tre kom frå Afghanistan. Innvandringsministeren varsla tidlegare i år innstrammingar når det gjeld å innvilge asyl til afghanarar, trass i at det er stor usemje om kor trygt det er å reise tilbake. Aftenposten skreiv nyleg at Norge har den strengaste praksisen i Europa, og at 99 prosent av vaksne afghanske menn får avslag.

Tidlegare har det vore vanleg at einslege under 18 år hatt fått midlertidig opphald til dei er 18 år. Det gjeld ikkje «Sadeq».

– Han har fått beskjed om at han må forlate landet innan tre veker, men vi har klaga på avgjerda og håper han får bli til klagesaka er avgjort, seier Urdshals.

Sunnmørsposten har snakka med fleire av dei andre asylmottaka for einslege mindreårige på Sunnmøre. Også her vert det fortalt om at fleire unge afghanarar har fått avslag på sine asylsøknader i det siste.

Advokat Thomas Urdshals representerer fleire einslege mindreårige asylsøkar som no har fått avslag.

– Har du inntrykk av at det er ei innstramming som også råkar asylsøkjarar under 18 år?

– Det er ikkje så lenge sidan eg byrja å ta asylsaker, så samanlikningsgrunnlaget er ikkje så stort. Men det eg kan seie er at den generelle befolkninga i Norge ikkje kjenner til kor strengt det er, seier Urdshals.