Alle dei unge afghanarane er gutar, og alle får skuleundervisning i regi av kommunen.

Denne veka har vore prega av at to av gutane har fått avslag på sine asylsøknader, med beskjed om å reise frå landet. Tidlegare har også 3-4 andre fått avslag på asylsøknader.

Lærarane reagerer på det dei oppfattar som streng praksis frå styresmaktene når det gjeld einslege mindreårige.

– Er det verkeleg fornuftig å drive så hard politikk mot barn?, seier Anita Reite Onen, som er lærar saman med Jalal B. Ahmed og Kjetil Haanes.

– Når dei kom var dei oppskaka etter reisa gjennom Europa, og dei visste knapt kvar dei var når dei kom hit til Fosnavåg. Deretter opplevde dei at det vert sådd tvil om dei oppgir rett alder. No er det uvisse knytt til om dei får opphald, seier Reite Onen.

Lærarane fortel at alle gutane er redde for framtida.

– Dei veit at fleire har fått avslag, og dei les kva Sylvi Listhaug seier. Gutane er redde og det skaper store utfordringar.

Mange har aldri gått på skule før, og vi prøver her å gi dei ei så positiv oppleving som muleg, men arbeidet kan av og til følest meiningslaust for oss lærarar når elevane brått vert rykte vekk frå det trygge, seier Kjetil Haanes, ein av dei andre lærarane.

Lærarane gir gode skussmål til elevane.

– Dei er superflinke og supermotiverte. Her er det mange som på kort tid har lært seg å lese og skrive. Her lærer dei også om demokrati, likestilling og om å kjempe med ordet og pennen, i staden for med våpen, seier Haanes.