Sunnmørsrederiet Hunter er mellom dei som skal satse på det nye fisket etter snøkrabbe i nordlege havområde. Dei har lyst etter folk, og nokre dagar før søknadsfristen går ut har det kome inn over 400 søknader. Totalt treng rederiet 46-48 krabbefiskar fordelt på to skift.

- I første omgang ser vi etter søkjarar som har vore på krabbefiske før. I tillegg ser vi etter folk som har fiskarerfaring, og som snakkar norsk, seier ein av reiarane, Leidulf Helde, til Nett.no.

Fisket skal skje med gamle «Stålegg», som vert ombygd til krabbebåt. Båten ligg for tida i Fosnavåg og vert klargjort for fiske.

Fisket etter snøkrabbe er forholdsvis nytt i Norge. Krabbearten er opphaveleg frå Stillehavet, men har vandra inn i Barentshavet.