– Det er nok ei lite populær løysing. Det har vi full forståing for. Men slik er berre situasjonen. Vi er forplikta til å betale tilbake aksjekapitalen, seier dagleg leiar Steinar Nordmo i Sykkylvsbrua AS.

– Elbilar må bidra

– No har vi betalt nok, seier Slyngstadli.

Seljaren som bur i Hundeidvik brukar brua både privat og i jobben, men i jobbsamanheng får ho avgifta dekt av arbeidsgjevar.

– Eg hadde håpt at brua vart nedbetalt no. Sidan det er på grunn av elbilane det tek lenger tid, burde vel dei også bidrege i nedbetalinga. Det kjennest litt urettferdig at det berre er oss med bensinbilar som skal ta rekninga, seier Slyngstadli.

Det privateigde selskapet står bak brua som kryssar Sykkylvsfjorden mellom Aure og Ikornnes, og som vart opna i 2000.

Fekk utsetjing i to år

Selskapet fekk lov av Stortinget til å drive bompengeinnkrevjing i 15 år. Men det var ikkje nok, brua var ikkje nedbetalt etter 15 år.

Difor fekk bruselskapet innvilga ytterlegare to år, og viste til prognosar som sa at brua ville vere betalt i 2017.

– Så langt i år utgjer elbilane 8,3 prosent av trafikken over brua. I september var det oppe i heile 9,6 prosent. Held det fram slik vil vi år ha eit inntektstap på 1,4 millionar kroner på grunn av desse elbilane, seier Nordmo.

Gjennom fleire år har dei gått glipp av store beløp på grunn av at elbilar køyrer gratis.

– Vi meiner difor at vi burde fått ein dispensasjon frå Staten på grunn av dette, seier den daglege leiaren i Sykkylvsbrua.

Ingen kompensasjon

Helge Orten, stortingsrepresentant for Høgre, forstår frustrasjonen, men seier at det i dag ikkje er noko ordning for ein slik kompensasjon.

– Eg ser problemstillinga. Det er jo vi som vedtek reglar som påfører bruselskapet tap. Eg skal ta ein runde med departementet, for å høyre om dette er ei problemstilling dei kan sjå nærare på, seier Orten.

– Vi vil likevel søkje om endå litt lenger nedbetalingstid, slik at vi eventuelt slepp endå ein søknadsrunde. Den maksimale innkrevjingsperioden for eit bomselskap er iallfall 20 år, seier Nordmo.

Sykkylvsbrua kryssar Sykkylvsfjorden mellom Ikornnes og Aure (til høgre). Foto: Terje Engås