Først leigde han ein bil i tre veker, men utan å levere bilen tilbake då leigetida var over. Etter nesten fire månader vart han arrestert av politiet. Då skulda han leigefirmaet meir enn 60.000 kroner.

I mellomtida hadde han brote han seg inn på rutebilstasjonen i Stryn heile tre gonger i løpet av tre veker. Ved å knuse eit vindauge, kom han seg inn på det låste sjåførrommet der han fann pengar, og dette syns han gav meirsmak. Til saman stal han nesten 30.000 kroner, ifølgje rettsprotokollen i Fjordane tingrett.

I tillegg har han leitt etter verdigjenstandar hos Stryn Turn og Idrettslag og på Stryn stadion.

Den sikta tilstod alt i retten.

Mannen i 30-åra er no dømt til fengsel i 120 dagar, og til å betale til saman 90.000 kroner i erstatning.

Leiinga ved rutebilstasjonen i Stryn opplyser til Sunnmørsposten at dei sidan i fjor haust har gjort tiltak for å unngå fleire innbrot.