Politiet etterforskar to innbrot som har skjedd i Haram denne helga, i Eidsvika og i Brattvåg. Det har også vore innbrotsforsøk i Skodje, og på tysdag vart det oppdaga eit innbrot på Emblem i Ålesund.

Det kan tyde på at ein bande er eller har vore på innbrotsraid på Sunnmøre dei siste dagane.

Les også: Nok et innbrudd oppdaget i Haram

I Brattvåg fekk tjuvane med seg sølvtøy for store verdiar.

– Dei braut seg inn vindauget på veggen mot nord, der soverommet er. Der er det mørkt, så naboane har ikkje sett noko. Dei har nytta brekkjern og brote opp på begge sider av vindauget, fortel Inga Forsland til avisa Nordre (krev innlogging).

Dei endevendte soverommet og ein skjenk som stod på stua. I skjenken fann dei mykje sølvtøy som dei tok med seg inn på soverommet der dei sorterte sølvtøyet bak gardiner som dei hadde late att.

Dei romsterte også i nattbordskuffer og ein anna kommode men utan å finne stort, og skjenken der tjuvane fann sølvtøyet, eit arvegods, vart øydelagd då den vart brote opp.

Målretta

Dei to veit enno ikkje kor mykje tjuvane har fått med seg av verdiar, men det verste er kanskje at dei også tok med seg noko av tryggleiken som ein skal ha i eigen heim.

– Eg må ærleg innrømme at det var ekkelt å legge seg i går kveld. Eg følte meg ikkje trygg, seier Rolf Johan til Nordre (krev innlogging).

– Ja, vi måtte ha ekstra lys på, legg Inga til.

Tips

Politiet har fått fleire konkrete tips etter bustadinnbrota denne helga.

– Det har kome fleire tips om observasjonar av bilar som sjakkar nærare, sa lensmann Ove Finnes i Haram til smp.no tidlegare tysdag.

Han seier at dei ser innbrota i Haram og innbrotsforsøket i Skodje i samanheng.

– Både metoden og oppførselen på staden gjer at vi ser desse sakene i samanheng, sa lensmannen.

Her tok tjuvane seg inn. Foto: Kristoffer Antonsen