Dette kjem fram i eit ruteendringsinnspel frå kommunen, ifølgje avisa Vestlandsnytt.

Kommunen vil altså at hurtigbåten skal gå direkte frå Hareid til Ålesund, då dei meiner at flybussen er dårleg tilpassa flytidene mellom Valderøy og Vigra lufthamn.

Ifølgje Vestlandsnytt så er ikkje fylkesrådmannen samd med Sande kommune. Han svarer at det er flybuss på alle båtanløp på Valderøy der det er fly på Vigra.