Norsk institutt for bioøkonomi, NIBO, har fått pengar til eit forskingsprosjekt om geitene på øya Skorpa i Herøy.

– Det er fagleg interessant å finne ut korleis genane til desse geitene har utvikla seg, seier Lise Grøva som er forskar i NIBO.

Forvilla geiter

Ein reknar med at rundt 70 geiter held til på øya Skorpa, som blei fråflytta på 1970-talet. Dei blir kalla forvilla geiter og har vore forvalta av folk før.

– Vi ønskjer å sjå på genetikken deira og om geitene er veldig innavla. Det er interessant å sjå korleis dyr tilpassar seg når det ikkje er tilført dyr og det berre er naturens gang som råder, seier Grøva og legg til at det er ein liten populasjon av geiter det her er snakk om.

Grøva har vore på Skorpa to gonger, men hittil berre studert geitene på avstand.

– Vi kunne ikkje sjå anna enn at dei hadde det greitt, seier ho.

No skal ein undersøkje vitskapleg om geitene har det bra, om dei klarer seg vidare og om det eventuelt trengs å gjere noko.

Kan føre inn geiter

Forskar Lise Grøva er forskar ved Norsk institutt ved bioøkonomi. Foto: Olaf Østbø

Om det viser seg at innavlen utgjer ein fare for geitene, kan det vere aktuelt å føre inn ein bukk eller to frå ein annan stamme.

– Vi vil også finne ut om geitene på Skorpa har ein verdi for resten av kystgeitene i Norge, seier Grøva og legg til:

– Det finst for få kystgeiter, og det er ein truga art.

Kystgeita finst som husdyr blant anna i Selje.

Vil bedøve geitene

Forskarane vil så snart som råd setje opp viltkamera på Skorpa.

Neste år vil dei samle inn prøvemateriale.

– Geitene er ville og vanskeleg å få tak i. Vi har vurdert å jage og fange dei, men dette blir vanskeleg. Difor tenkjer vi at nokre geiter skal skytast med bedøvingspil, seier Grøva og viser til at dette er noko ein har god erfaring med når ein har forska på hjort.

Kulturlandskap

Mattilsynet følgjer med på geitene og har stilt krav om merking, etter krav frå EU. Saka har skapt stort lokalt engasjement og frykt for at geitene måtte avlivast. Mattilsynet har tidlegare uttalt at det viktigaste er at geitene blir sikra basale behov, og at det blir lagt til rette for at geitene har det bra.

Det finst forvilla kystgeiter også på Sandsøya, men i utgangspunktet gjeld forskingsprosjektet geitene på Skorpa.

Prosjektet på Skorpa blir leia av NIBIO, i samarbeid med Herøy kommune, Alv Ottar Folkestad, NORSØK, Norsk Genressurssenter og Nordisk Genressurscenter.