– Utan Globalskolen måtte eg kanskje ha starta i første klasse igjen, seier Helle Munthe Vassbotn (8).

Ho og resten av familien Munthe Vassbotn flytta i sommar heim til Volda etter å ha budd fem år i Australia og USA.

I fare

Både Helle og storesyskena Ola (13) og Amalie (15) har fått undervising gjennom Globalskolen medan familien har budd i utlandet. No står undervisingstilbodet i fare. I forslaget til statsbudsjett for 2017 foreslår regjeringa å avvikle ordninga med at norske barn i utlandet får norskopplæring på nett.

I oktober var rektor for Globalskolen, Lilli Brenne Røv, på Stortinget for å forklare politikarar frå ulike parti konsekvensane av budsjettforslaget. Kompetanse.

(saka held fram under bildet)

Avgjerande

– Då mannen min Tarjei fekk tilbod om jobb i Google, var det avgjerande for oss at borna kunne få norskundervising sjølv om vi flytta til utlandet. Dersom Norge ønskjer at folk skal reise ut for å hente heim kompetanse, slik som Tarjei har gjort, så bør politikarane tenkje seg om ein gong til når det gjeld Globalskolen, seier Margrethe Munthe Vassbotn, som er mor til Helle, Ola og Amalie.

– Helle starta på skule då vi budde i USA. Ho lærte seg å lese engelsk på den amerikanske skulen, samtidig som ho lærte å lese og skrive norsk gjennom Globalskolen, forklarer Margrethe.

(saka held fram under)

Mykje jobb

13 år gamle Ola og 15 år gamle Amalie fortel at dei til tider syntest det var mykje jobb å ha norske fag i Globalskolen i tillegg til vanleg skule i Australia og USA.

– Men no når vi har flytta heim og går på norsk skule igjen forstår eg kor viktig det var at eg følgde undervisinga i Globalskolen. Tenk kor langt bak eg hadde vore dei andre tiandeklassingane no visst ikkje, seier Amalie.

– Eg synest det var litt kjedeleg når eg heldt på, men no er eg faktisk svært glad for alt eg lærte gjennom Globalskolen, seier Ola.

Foreldrerepresentantar har levert 2700 underskrifter på Stortinget til støtte for Globalskolen