Det er hyttekonseptet som det nystarta selskapet InStordal, sjølvsagd i Stordal, presenterte for bygdefolket onsdag kveld.

– Eg og kompisen min, Leif Inge Grønning, er begge tømrarar. Vi har i lang tid snakka om å skape noko nytt, om å sette fotavtrykk etter oss. Det har vi tenkt å gjere med desse hyttene, seier Steffen Leganger, som til vanleg driv firmaet IH Bygg.

Moderne bygg

Og ideen dei no legg fram er moderne, men rimelege hytter for folk flest.

– Eg har bygd hytter i mange år. Eg trur faktisk snittprisen har lege på rundt fire og ein halv million. Det er ikkje alle med bustad og bil som også har råd til ei hytte til tre-fire millionar, seier Leganger.

Han har fått med seg Frode Færøy til å marknadsføre det nye konseptet.

Færøy meiner det er ein veksande marknad både i Norge og elles i verda for slike hytter.

Ja, for dei ser ingen grenser for kvar dei kan selje dei nye hyttene:

– Vi ser for oss at heile verda kan vere marknaden vår, anten det er Stordal, Bjorli, Trysil – eller Aspen i USA, seier Steffen Leganger.

– Det er iallfall stadig fleire som spør etter mindre hytter og leilegheiter, seier Færøy.

(saken fortsetter under)

«All in»

Dei siste åra har det vore fleire som har lansert planar for nye konsept, både i Stordal og andre stader på Sunnmøre, utan at det har skjedd noko meir.

Steffen Leganger forsikrar at han går «all in», som det heiter i poker, og satsar hundre prosent. Dette skal ikkje berre bli eit luftslott.

Leganger han har drive tømrarfirmaet IH Bygg sidan 2010 og i løpet av desse åra altså bygd mange hytter. Han trur ikkje ei einaste ei av dei har kosta under ein million.

– Men det er eg overbevist om at mange er ute etter, anten det er til seg sjølv, eller det er tenkt til utleige.

Undersøking

Leganger har fått gjennomført ei marknadsundersøking som fortel at mange kan tenke seg ei slik moderne hytte. Han har også vore i dialog med nokre utbyggarar.

– Ein har sagt til meg at han kan tenke seg fem slike hytter for utleige. Ein annan nemnde at han såg for seg heile 14 hytter.

InStordal har førebels teikna fire ulike hyttemodellar, den minste på berre fem kvadratmeter, deretter ei på 22, ei på 36 og den største på 38 kvadratmeter.

Og hyttene skal etter planen altså lagast nøkkelferdige på ein fabrikk i Stordal.

– Den første demo-hytta skal lagast i Pedro-bygget, der IH Bygg leiger plass i dag. Her skal vi få oss større plass. Men eg ser for meg at vi skal få oss eit eige fabrikkbygg. Det har eg allereie vore i dialog med kommunen om, seier Leganger.

Demo-hytte i januar

Førebels er dei berre dei to tilsette i selskapet som skal bygge demo-hytta. Ho skal vere ferdig i januar og blir då sett opp i Stordal sentrum.

– Men målet er etter kvart å lage 100 hytter i året, og ha 25 tilsette i løpet av fem år, legg Steffen Leganger til.

Han synest det er viktig å skape nye arbeidsplassar i bygda som har hatt sine nedturar dei siste åra. Det synest også Vekst i Stordal, som har gjeve prosjektet støtte.

InStordal samarbeider også med Proess i Ålesund som tek seg av prosjektering, dimensjonering, søknader, og eventuelle reguleringsplanar.

Les flere nyheter fra Indre på smp.no