Stranda Frp viser til at kommunen vil tape 36,4 millionar i perioden 2017-2020 utan ei samanslåing.
– Det er openbert at Stranda i framtida ikkje maktar å drive kommunen med forsvarlege tenester til innbyggarane dersom ein må kutte 36,4 millionar, legg gruppeleiar Frank Sve i Frp til i ein interpellasjon som er sendt til kommunestyret.
Fleirtalet i kommunestyret har tidlegare vedteke at Stranda skal stå åleine.
(saka held fram under)
Anbefaler 16 kommuner i Møre og Romdal på kort sikt Sykkylven seier nei til kommunesamanslåing Stranda vil vere åleine
– Stranda har utarbeidd ein god intensjonsavtale med Sykkylven. Denne avtalen vil føre til at innbyggarane får behalde sine tenester på dagens nivå, meiner Frank Sve i Frp.