Vilde Hjelle (13) og Anna Naustdal (12) ifrå Nordfjordeid vann laurdag MGP junior med den sjølvskrivne låta «Vestlandet», ein song dei to bestevenninnene laga i baksetet i bilen medan dei køyrde over Strynefjellet.

Jentene vart så glade at tårene straumde då dei fekk trofeet, og dei klarte ikkje å få fram andre ord enn eit «tusen takk» då dei fekk trofeet.

Song om Vestlandet

Dei starta som finalistar nummer sju, og leverte flott frå scenekanten første gongen. Dermed vart dei ein av fire superfinalistar og fekk framføre låta ein gong til. Det resulterte i at dei fekk flest røyster av alle, og vart kåra til dei beste av 1.312 bidrag.

Det er Vilde, som går i åttande klasse på Eid ungdomsskule, som har skrive tekst og melodi til songen.

– Songen handlar om at nokon har tenkt å flytte vekk frå Vestlandet. Og når dei gjer det, så har dei lyst å flytte tilbake, fordi dei saknar plassen, fortalde Vilde til Sunnmørsposten før finalen.

Heilt utroleg

Ordførar i Eid, Alfred Bjørlo, trudde ikkje det han fekk sjå då jentene vart ropt om som vinnarar.

– Eg trur det er ei låt som har treft veldig mange, i all sin geniale enkelheit. Dei har nok brukt ei del tellerskritt på å røyste ifrå Vestlandet i kveld. Det er eit fantastisk høgt nivå og alt må stemme for å vinne, men dei har eit utruleg talent og er vande med å stå på scene,  seier Bjørlo,

Og no skal dei gjere ære på jentene når dei kjem heim.

– Men dette kom så brått på at vi ikkje har lagt planar enno, men det er klart at vi må feire med heile Eid når vi kjem heim att. Vi må hive oss rundt og lage ein skikkeleg fest, seier ordføraren med entusiasme.

Stor støtte

Då smp.no snakka med Bjørlo før showet, meinte han det var stort at Vilde og Anna var i finalen. Og dei hadde møtt mannsterke opp for å heie dei fram.

– Vilde og Anna er to utruleg flinke jenter som vi er veldig stolte av, seier ordføraren om kvifor så mange har tatt turen.

Foto: Skjermdump

Men faktisk er det fleire frå kommunen som skal på scena i Oslo Spektrum i kveld.

– Ja, faktisk er det sju ungdommar frå Eid som skal på scena, for pauseunderholdninga er med bandet Indigo Child.

Dermed er kommunen representert betre enn dei aller fleste andre.

– Og trur du at Vilde og Anna vinn i kveld?

Vi skal kose oss uansett. Det er det jentene også seier. Det aller viktigaste er å vere med, sa Bjørlo.