Den som fortel denne historia frå 60-talet er sambygdingen Arild Remmereit, som denne gongen har laga kortfilm.

Dirigenten frå Brattvåg har gjennom arrangement-serien «Vi minnest» på ID-huset sett søkelyset på kva og kven det er som har skapt lokalsamfunnet Brattvåg, og kva som er verdt å ta vare på.

Lite pengar til veg

Tok grep

I den første kortfilmen fortel Haugerud om korleis han og to andre jobba for å skaffe statlege midlar pengar til å byggje veg, i ei tid då det på dei kantar skjedde så godt som ingenting på denne fronten.

Dårlege vegar: Jon Slyngstad (t.v.) og Rolf Haugerud minnast vinsjane som datt av Hydraulik-lastebilane, på grunn av dei dårlege vegane i Brattvåg på 60-talet.

Heile komiteen

– Trekløveret skreiv brev til både samferdselsdepartementet og pressen. Ein onsdag i 1968 var dei i møte med samferdselskomiteen, og same veka kom heile komiteen til Brattvåg på saumfaring.

– Saka har vore full av hemmelegheiter, alt gjekk føre seg i stillheit, fortel Remmereit.

Det skjer-kalenderen: Få med deg det som skjer i kulturlivet på Nordvestlandet

Sjølvlært

Tidlegare NRK-fotograf Bernt Baltzersen, som mellom anna har jobba med Bruaset på «Der ingen skulle tru-serien», har filma.

Resten av arbeidet er signert Remmereit, som denne kvelden debuterer med kortfilm.

I den andre kortfilmen som blir vist denne kvelden står den sjølvlærte filmmakaren for heile produksjonen.

Bratt skuleveg

– «Den bratte skulevegen» handlar om mobbing i lokalmiljøet og på skulen, på 60-talet.

– Det er Per Jarle Bjørlykke som fortel om oppveksten sin. Bjørlykke kjem frå ein gard inst i Samsfjorden. Han var bonde i 17 år, no er han elektrikar. Han har greidd seg veldig bra, eigentleg er dette ei solskinnhistorie, men ei historie vi alle har noko å lære av.

– Eg har fått fleire telefonar frå ulike folk i forkant av visninga, noko som viser at dette er eit kontroversielt tema i eit lite miljø som Brattvåg.

Men eg kan berolige alle, her er det ingen som blir hengt ut, seier Remmereit.

Dårlege vegar: Jon Slyngstad (t.v.) og Rolf Haugerud minnast vinsjane som datt av Hydraulik-lastebilane, på grunn av dei dårlege vegane i Brattvåg på 60-talet. Foto: Arild Remmereit