Korleis vil trusselbiletet for Europa endre seg? Det var første spørsmål frå elevane ved Eid vidaregåande skule, som hadde mangeårig utanrikskorrespondent i NRK, Hans-Wilhelm Steinfeld, som gjestelærar.

Steinfeld skal halde føredrag på Operahuset Nordfjord seinare onsdag, og lærar Anna Kirsten Hellevang var frampå og invitere han til skulen. Sidan dette er dagen då utanrikspolitikk er det store diskusjonstemaet kunne det ikkje passe betre.

LES OGSÅ: Hva synes ungdommene om at Donald Trump er blitt president i USA?

Meiner Europa må bidra meir

Steinfeld pøste på med sine synspunkt og analysar av valsjokket i USA, som ser ut til å ha skremt mange i Norge, ikkje minst barn og unge som er redde for krig. Men det er ingen grunn til å frykte forverra forhold mellom Russland og USA, meiner Norges mest kjelde Russland-ekspert.

– Eg er ikkje redd 3. verdskrig. Det er ikkje aktuell politikk i ein nasjon som Russland, som miste 30 millionar menneske i 2. verdskrig. Problemet er noko heilt anna. USA sin del av budsjettet i Nato har auka veritabelt etter den kalde krigen, og Trump har sagt at han ikkje vil akseptere dei smålåtne europeiske bidraga til Nato. Så den største trusselen er at lille Europa vert ståande åleine, sa Steinfeld.

Putins triumf

Dessutan er Putin godt nøgd med at Trump vert den neste presidenten i USA og ikkje Hillary Clinton, meiner Steinfed.

– Trump er Putins triumf. Før det første snakkar dei to pent om kvarandre. For det andre så har Trump sagt at han er skeptisk til kostnadene ved å involvere USA og Nato i internasjonale konfliktar. Dette reduserer Putin sin frykt for å bli omringa.

Som fleire andre analytikarar peikar Steinfeld på at folk fleste i USA har opplevd økonomisk stagnasjon dei siste tiåra, med aukande skilnad mellom nokre få rike og resten.

­– Tidlegare kringastingssjef John G. Bernander fortalde meg nyleg at den 59 år gamle fetteren hans i New York, som er ein middelklassemann, ikkje har hatt råd til å gå til tannlegen på 25 år. Det har vore ei sosial degradering av middelklassen, og denne klassen har alltid vore ein stabiliserande faktor i eit demokrati. Dette har utløyst mykje av det same sinnet og nasjonalismen som vi ser i Russland. Og dette filleproletariatet er lite forutseibart, seier Hans-Wilhelm Steinfeld.

- Valet av Trump gjer oss usikre, seier desse jentene.F.v. Charlotte Smørdal Årsheim, Elisabeth Kongsvik Vindfjell, Kristina Torheim Hanitz,Mariel Førde Myhre

Største overrasking sidan drapet på Kennedy

Så eigentleg burde ikkje valsigeren vere noko sjokk, meiner den tidlegare NRK- korrespondenten.

– Hovedproblemet er at dei liberale elitene, og eg er ein av dei, og media, ikkje klarte å ta inn over seg de sosiologiske understraumane i den amerikanske middelklassen og arbeidarklassen. Det har dei fått betale for ved å få kanskje den største politiske overraskinga etter drapet på president i Kennedy i 1963, sa Steinfeld til ei lydhøyr forsamling på Eid vidaregåande skule.