– Dette er den verste hjortepåkøyrselen eg har sett, seier Bjarte Rovde, som var ettersøksleiar etter ulykka på Drageskaret.

Han fortel at dette er tredje kollisjonen mellom hjort og bil på ei veke på vegen mellom Gursken og Larsnes.

– Det er mykje hjort langs vegane no, så folk må vere forsiktige, seier Rovde.

Åpne video fra ulykkesstedet i nytt vindu

Staden der ulykka skjedde i dag er ein av dei mest utsette på Gurskøya.

– Det var også ein hjortpåkøyrsel akkurat her for ein og ein halv månad sidan, seier Bjarte Rovde.

Det er 80-sone på staden.

– Og dersom ein bil kolliderer med ein hjort i så stor fart er det stort potensial for skader, seier ettersøksleiaren.

– Er det godt nok skilta med hjortefare?

– Eg er faktisk usikker på om det er skilt på staden. Men Viltnemnda bad Vegvesenet om å sette opp skilt over Drageskaret for nokre år sidan, og fekk då til svar at slike skilt har lite effekt.

– Kva skal bilistane gjere?

– Faren for kollisjon med hjort er noko vi må leve med, men det gjeld å følge med, og sjå nøye til sidene, seier Bjarte Rovde.