Gjendemsjø (61) har vore fiskar sidan han var 15 år, og vart skipper i ein alder av 22. Mannen er også reiar.

Torsdag vart det dramatisk då det starta å brenne i motoren midt utpå Harøyfjorden. Gjendemsjø og ein kamerat var ute og fiska.

– Det var så mykje røyk som  kom inn i lugaren og styrhuset, så eg såg ikkje andre moglegheiter enn å rope mayday, seier Gjendemsjø til smp.no.

Det var avisa Nordre som først skreiv om Gjendemsjø.

Roleg i dramaet

Han fortel om ein alvorleg situasjon og at dei to var klar til å løyse ut ei redningsflåte.

– Det gjekk ganske fort. Først kom ferja og dei fekk satt ut ein MOB-båt så vi slapp å løyse ut flåta, fortel Gjendemsjø.

I ei lang karriere har han aldri vore i ein situasjon kor han har ropt mayday før. Dei to om bord tok forholdsreglar.

– Eg blir igrunn veldig rolig i slike situasjonar. Det var det same med han andre, og det er godt å ha med seg. Alt fungerte godt og vi gjorde det vi skulle, seier Gjendemsjø.

Skryt av hjelpekorpset

Han vil rose naudetatane. Først kom ei ferje, så kom ei ferje til, så kom det helikopter og to redningsskøyter. Ambulansebåten var også på plass.

– Vi fekk nok av hjelp, eg vil skryte av alle som kom.

Til alt hell gjekk det bra med dei to om bord og etter at brannen vart sløkt blei dei slept inn til land ved Brattvåg ferjekai, skriv avisa Nordre.

– Brann kan utvikle seg raskt, spesielt med den vinden som vi har i dag, sa Gjendemsjø til avisa trygt inne ved land.