Statens Vegvesen har med støtte frå andre etatar gjennomført eit landsomfattande tilsyn av verkstader i heile landet.

I Møre og Romsdal vart fire verkstader kontrollert.

To av dei blir politimeldt - ein i Molde og ein på Søre Sunnmøre, stadfestar Frank Bordal, seniorrådgjevar i tilsynsavdelinga i Statens Vegvesen Region Midt overfor smp.no.

- Verksemda på Søre Sunnmøre blir politimeldt fordi det er blitt utført reparasjonsarbeid på bilar, mellom anna på styring og bremser, trass i at verkstaden ikkje var godkjent for denne typen verksemd, seier Bordal.

Aksjonen var målretta.

- Andre godkjende verkstader i nærområdet har bedt oss sjå nærare på denne bedrifta, seier Bordal.

Rapport frå Arbeidstilsynet

Også Arbeidstilsynet deltok i aksjonen, dei såg mellom anna nærare på om krav til arbeidslokale var tilfredsstilllande.

Arbeidstilsynet stadfestar overfor smp.no at saka er til behandling hos dei.

Les fleire nyheiter frå Søre og Nordfjord på smp.no

Arbeidstilsynet kan gje verkstaden pålegg om utbedringar eller i verste fall stenge lokalet.

Rapporten er så langt ikkje klar.

Bileigar har ansvar

Statens Vegvesen har vore på jakt etter ulovlege verkstader i heile landet.

På Vestlandet blir 11 verkstader politimeldt. Ingen av verkstadane i Nordfjord vart kontrollerte i årets tilsyn.

Frank Bordal ber bileigarar vere på vakt.

- Alle godkjende verkstader skal ha eit skilt som klart og tydeleg fortel at denne verksemda har offentleg autorisasjon. Som bileigar er du ansvarleg for at bilen er trafikksikker. Har du fått utført reperasjon ved ein verkstad som ikkje er godkjent kan du få trøbbel, for eksempel om du skulle bli involvert i eit trafikkuhell. Ein god regel er å få kvittering for utført reperasjonsarbeid, tilrår Frank Bordal.