– Ideen fekk eg fordi eg bur like ved ei stor lakseelv her i Stordal, fortel Vikenes.
Han såg nemleg at laksen berre lever av larver og insekt dei første tre åra – av små kryp som er stappfulle av protein.
NorInsect
Det var spiren til det nystarta selskapet NorInsect AS som for 14 dagar sidan flytta ut frå huset til Vikenes og inn i meir eigna lokale i Stordal Næringsbygg.
Måndag hadde han og prosjektleiar Harald Espeland besøk av ein delegasjon med stortingspolitikar Else-May Botten (Ap) og ordførar Eva Hove (Ap) i spissen.
– Akkurat no er det ca. ein million larver her. Men målet er å kome opp i minst ein milliard, fortel Vikenes og viser fram dei små krypa som ber namnet sitt med rette.
I store delar av verda er insekt normal menneskeføde. I Kongo, til dømes, får dei 40 prosent av proteintilskotet sitt gjennom å ete insekt.
Vikenes satsar i første omgang på å utvikle larver som kan bli til dyrefôr, ikkje minst i oppdrettsnæringa – til dømes til anlegget som Norsk Sjømat ønsker å etablere i Stordal.
Dyremat
Når larvene har nådd ein viss størrelse, blir dei slakta ved nedfrysing – og endar som dyremat. Også avføringa til larvene ser NorInsect nytte i.
– Avføringa er full av næring og er perfekt som plantegjødsel. Den er stappa med energi, og blir som ein «Red Bull» på ein rosebusk, smiler Vikenes.
I dag fôrer han larvene med gamle brød og bananar som dei gomlar i seg. Men Vikenes har andre planar for menyen:
– Eg ser for meg at larvene skal ete lakselus, fortel han.
– Dette er utruleg spanande. Kan larvene ete lakselus, før dei sjølv blir til mat for laksen, så er jo ringen slutta, seier ordførar Eva Hove.
Lys i husa
Ho synest det er flott at bygda har gründerar som no er med på å få lys igjen i tomme industribygg i Stordal.
Partifelle Else-May Botten er einig:
– Dette er eit prosjekt eg trur på. Og det vil styrke Norsk Sjømat sin søknad om oppdrett av laks i Stordal, seier Botten.