Statens vegvesen hadde skissert 70 meter, men Kystverket meiner dette er for lågt for store cruiseskip på veg til Olden.

Vegvesenet vil difor planlegge ei bru som blir fem meter høgare og har seglingshøgd på 75 meter.

Fekk 53 innspel

Ny E39 i Nordfjord. Kart: Statens vegvesen

Vegvesenet har fått inn 53 innspel til varsel om start av planarbeidet og høyring av planprogrammet for E39 mellom Byrkjelo og Grodås.

Du kan lese heile oppsummeringa etter høyringsrunden her (ekstern lenke).

Vegvesenet har no gått gjennom innspela, justert fleire forhold og teke vekk alternativ for trasear som dei meiner ikkje lenger er aktuelle.

Forkasta kryss ved sentrum

I det vidare planarbeidet går vegvesenet vekk frå ein av fire trasé-forslag på Grodås og har forkasta alternativet nærast sentrum i Hornindal.

På Stryn-sida av den planlagde tunnelen frå Hornindal vil tre kryssalternativ bli greidd ut; i tunnel ved Svarstad, halvt kryss ved Svarstad og kryss ved Markane.

Det er også klart at det ikkje blir kryss i Utvik, på sørsida av fjorden. Dette vil føre til store inngrep i bygda og vegvesenet vil difor planlegge berre eitt kryss i Vikane.