Det er sykkelhjelmaksjon ved skulen. Målet er å få flest moglege av dei 360 elevane til å bruke hjelm når dei syklar.

– Vi hadde ei undersøking som viste at svært få brukte hjelm kvar einaste dag. Det var tydelegvis ikkje kult nok, seier Sofie Skylstad Hole, Embla Johanne Klokk Brunstad, Ruethairat Thunnok og Arnas Tribusininas, fire 10.-klassingar frå elevrådet.

Oppgåver

På oppmoding frå Trygg Trafikk har dei styrt aksjonsveka og fordelt 19 ulike oppgåver. Dei har mellom anna fått medelevane til å ta selfie med sykkelhjelm, og dei har fått kjendisar til å bruke hjelm, slike som Henriette Steenstrup og Harald Rønneberg.

Elevane har også ein konkurranse om å lage den kulaste sykkelhjelmen – og dei har sjølvsagt brukt alle slags sosiale media til kampanjen.

Og så har altså elevane denne veka blitt oppmoda til å bruke hjelm også i klasserommet. Andre går med ein lapp i panna for å minne om at hjelmen skal ned i panna, ikkje berre sitje midt oppe på hovudet.

Meir bevisste

– Vi har ikkje hatt noko ny måling. Det blir først til våren. Men det er heilt klart at bruken av sykkelhjelm har teke seg kraftig opp her på skulen, seier Sofie. Og kvifor skulle det ikkje det?

– Ungdom har alltid på seg hjelm når dei står på ski eller er på riding. Kvifor kan dei ikkje då også bruke hjelm når dei syklar? spør Sofie.

– Det kan iallfall ikkje vere fordi dei er redde for å øydeleggje sveisen, for då hadde dei ikkje brukt hjelm når dei køyrer scooter eller moped, legg Erik Hartmann til.

Han er distriktsleiar i Trygg Trafikk og er på besøk for å høyre om erfaringane i Sykkylven.

Ein kjempejobb

– Desse elevane her har gjort ein kjempejobb for aksjonen. Sykkelhjelm førebygger skader, det er dokumentert, seier Hartmann – og tek bilete av plakatar som er hengt opp.

Han trur dessutan at dei som er bevisste på å bruke hjelm, også er meir bevisste på å bruke refleks og bilbelte.

#syklemedhjelm er eit pilotprosjekt i Sykkylven, finansiert av Trafikktryggingsutvalet (FTU). No skal fleire ungdomsskular bli med, og då er det viktig å lære av sykkylvingane.

Rundt om på skulen er det plakatar som minner om sykkelhjelmaksjonen. Frå venstre 10.-klassingane Ruethairat Thunnok, Sofie Skylstad Hole og Embla Johanne K. Brunstad. Foto: TERJE ENGÅS
Kven kan lage den kulaste sykkelhjelmen? Her er forslag som elevane har kome med til denne konkurransen. Foto: TERJE ENGÅS