Onsdag gjekk rådmann Astrid Eidsvik i Ålesund hardt ut mot Giske i Sunnmørsposten. Årsaka var at Giske kjem til å gå ut av det interkommunale samarbeidet om ØHD-avdeling (Øyeblikkelig hjelp dagtilbod) og legevakt på Åse.

– Eg kan forstå at Ålesund føler seg litt svikta, men då må dei sjå på kva som er gjort i heile prosessen frå 2013, seier Roar Dyb-Sandnes som er gruppeleiar i Arbeidarpartiet i Giske. Han har også vore saksordførar i denne saka.

Treng ikkje Ålesund

– Personleg føler eg Ålesund ikkje har tatt Giske på alvor når det gjeld våre behov. Den løysinga vi har no er heilt topp, så eg ser ingen grunn til at vi skal vrake den, seier Dyb-Sandnes og held fram:

– Eg synest Ålesund burde nytta moglegheita til å sette seg ned med Giske for å løyse saka, i staden for at den enda opp på førstesida av Sunnmørsposten. Det er dei som er storbror og bør oppføre seg deretter, meiner han.

Samrøystes

Torsdag blei saka behandla av kommunestyret i Giske. Dei gjekk samrøystes inn for å behalde dagens ordning, der kommunen driv sin eigen ØHD-avdeling og legevakt. Giske viser til at dei gjer det billigare og betre sjølv.

Rådmann Marit Elisabeth Larssen i Giske har ikkje snakka med Ålesund dei siste dagane.

– Det har vore eit heilt bevisst val frå mi side, men eg kjem til å følgje opp saka no.

Rådmannen understrekar at ho igjen vil beklage at dei var seint ute med å formidle valet dei har gjort. Men Larssen er ikkje med på at dei øydelegg for det interkommunale samarbeidet, slik Eidsvik hevda.

– Budsjettet er på 21 millionar kroner, og vi vil ikkje gå inn med to av dei. Eg slit med å forstå at det er så kritisk, det kjem eg til å gje beskjed om. Det er meir kritisk for Giske å miste to millionar enn det er for dei andre å ikkje få tilgang til to millionar.

– Må ta omsyn

Giske-rådmannen beskriv samarbeidet med Ålesund som heilt greitt før denne saka.

– Det er ikkje grunn til at det ikkje skal fortsette å vere det i framtida også. Samtidig må ein ta omsyn til at ein av og til gjer ulike val i saker, seier ho.

Denne saka starta i 2013. Då vedtok Giske kommunestyre å inngå i eit interkommunalt samarbeid frå 1.1.2016. Men drifta skulle leggjast opp innanfor dei økonomiske rammene som går fram av prosjektgruppa sin rapport.

I eit brev til Ålesund kommune 14. april 2014 varsla Giske at det blei endeleg politisk behandling når Ålesund hadde greidd ut kostnadane. Hausten 2015 varsla Ålesund at dei ikkje klarte å etablere tilbodet som avtalt til 1.1.2016.

Våren 2016 etablerte Giske eit mellombels tilbod lokalt. Det skal Ålesund og samarbeidskommunane ha blitt orientert om munnleg i eit møte. Giske oppdaga at dei kan få eit betre tilbod til sine innbyggjarar til ein lågare pris, om dei held fram med denne ordninga.

To millionar kroner

Samarbeidskommunane skal ha etterspurd budsjett for ØHD-tilbodet ved fleire høve og regelmessig frå hausten 2015. Først 13. september i år fekk kommunane presentert budsjettet for drift av tilbodet.

Ifølgje rådmann Larssen samsvara ikkje det med avtalen om å halde budsjettet innanfor tilførte midlar. Giske får tilført 1.640.000 millionar kroner. For Giske blei det budsjettert med 2.172.000 i det interkommunale samarbeidet, som seinare blei korrigert til 1.980.000 for 2017.

– Vi har ikkje trekt oss

I samsvar med vedtaket frå 2013 og brevet til Ålesund i 2014, så blei saka behandla i kommunestyret i Giske torsdag. Der blei det samrøystes gått inn for å behalde sin eigen legevaktordning.

Difor meiner rådmannen at Giske ikkje har trekt seg frå samarbeidet, men nytta seg av atterhaldet som blei gjort i brevet til Ålesund i 2014.

Vil ikkje samarbeide: Giske-rådmann Marit Elisabeth Larssen. Foto: Staale Wattø