Med «Bygdebenken» som overskrift skriv kommentator Jan Erik Røsvik i Sunnmørsposten at byane i Møre og Romsdal er på veg ut av Stortinget. Byane i fylket får truleg berre ein, maksimalt to, på Stortinget neste periode.

– Betyr det noko om stortingsrepresentanten er barnefødd i Dalsfjorden eller på Aspøya? Er det viktig? Svaret på det er ja, meiner Røsvik.

Mange kommentarar

Laurdag føremiddag hadde Røsvik fått svar frå Fredric Holen Bjørdal (Ap) frå Ørsta.

– Samfunnsredaktøren er tydelegvis uroa over om bondeknølar som meg er i stand til å representere dei urbane interessene i verdsmetropolen Ålesund, skriv stortingsrepresentanten på si facebook-side.

I løpet av to timar laurdag føremiddag hadde han fått meir enn 20 støttekommentarar og 230 likes.

– Diskusjonen vi tar her rører ved ein tydeleg nerve hos folk, seier Bjørdal til Sunnmørsposten.

Nesvik og Dale

Samfunnsredaktør Jan Erik Røsvik i Sunnmørsposten.

– Sjølvsagt skal den folkevalde representere heile fylket. Det er likevel ikkje tvil om at engasjementet for Ålesund sine særskilde utfordringar veg tyngre i flyttelasset Harald Nesvik (Frp) har med seg heim til Ålesund enn det gjer i Jon Georg Dale si snippøskje frå Dalsfjorden, skriv Røsvik i kommentaren.

Bjørdal frå Ørsta, som representerer Møre og Romsdal Arbeidarparti, syns Røsvik her tar alt for hardt i.

– Før eg var myndig, hadde eg besøkt alle 36 kommunane i fylket. Eg driv ikkje med postnummerpolitikk men representerer heile Møre og Romsdal, og eg er glad i fylket og folka som bur her og har valt meg til å representere dei på Stortinget, skriv Bjørdal på facebook-sida si.

Sett frå Stortinget

Sett frå Stortinget meiner han ting er annleis enn det Røsvik vil ha det til.

– For dei som ser på Norge gjennom oslobriller, er heile Møre og Romsdal ein utkant. Difor handlar ikkje interessekamp og politisk arbeid på Stortinget om å setje Ørsta opp mot Ålesund. Det handlar om at Møre og Romsdal skal få gjennomslag mot dei som synest det er ein uting å bruke for mykje pengar utanfor det sentrale Austlandet, skriv Bjørdal i innlegget.

– På Austlandet bryr dei seg ikkje om staden heiter Ålesund eller Vanylven, for dei er heile Møre og Romsdal ein utkant i seg sjølv, seier han til smp.no.

– Fylket er ikkje større enn at det fint går an å kjempe for gjennomslag for heile fylket. Dei siste vekene har eg arbeidd med bypakken i Ålesund som eg er svært oppteken av, kjempa for å bevare Møre og Fjordane heimevernsdistrikt med base på Åndalsnes, og neste veke er det møter om Møreaksen mellom Ålesund og Molde. Alle desse sakene er viktig for Møre og Romsdal fylke, heilt uavhengig om eg har postnummer 6150 eller 6000, seier han.

– Og dette trur eg vi er rimeleg samstemte om på Mørebenken, legg Bjørdal til.

–  Har eit poeng

Bjørdal innrømmer at kommentatoren har eit poeng.

– Røsvik bommar ikkje på målet, han er inne på noko. Det har vore store interne drakampar mellom dei tre gamle fogderia i fylket. Dette meiner eg har bidratt til at fylket vårt er splitta. I den regiondebatten som pågår no meiner eg det er heilt avgjerande å foreine troppane og samle oss om Møre og Romsdal som ein region også for framtida, meiner Bjørdal.

– Kva er konsekvensen dersom fylket blir delt?

– Då risikerer du at det blir berre eit svart hol, eit audeland mellom Bergen og Trondheim, seier Bjørdal og legg ikkje skjul på at dette verkeleg ligg han på hjartet.

Dale: – Rart at ikkje byane har fått fram klare kandidatar

Byane i Møre og Romsdal har rundt 100.000 velgarar men får berre ein eller to på Stortinget neste år.I Ålesund synest bypolitikar Kirsti Dale (Sp) det er rart at verken Ålesund eller Molde har klart å få fram klare kandidatar til stortingsvalet.

– Det er veldig spesielt at det er så få frå byane. Tidlegare har mange i Ålesund hatt nær kontakt med sine stortingspolitikarar. Det blir ein stor forskjell neste periode, seier Dale.

Ho er ikkje i tvil om at politikarane vil gjere ein jobb for heile fylket.

– Det er ikkje så lett å seie kva dette har å bety. Men det er i alle fall en ny situasjon. Kanskje det har noko å seie på velgeroppslutninga, seier ho.

Dale er viss på at dei som blir valt vil gjere ein jobb for heile fylket.

– Men det er noko med nærleik og noko med denne telefonen til nokon du kjenner, som ålesundarane vil sakne, skreiv ho nyleg i eit innlegg i avisa Nytt i Uka.

– Vil også kunnskapen og erfaringa dei har vere annleis?

– Når ein stiller som stortingskandidat har ein stor kunnskap om fylket. Det ein manglar er eg sikker på at dei er villig til å tileigne seg, seier ho.

Dale er meir opptatt av at byane ikkje har fødd opp nye stortingskandidatar.

– Kanskje er byene meir opptatt av seg sjølv enn av heile fylket, spør ho.