Etter mange velvalde ord frå ordførar Dag Olav Tennfjord (H) kom Aina opp til talarstolen for å ta i mot heider og eit litografi av Inger Giskeødegård i avskjedsgåve.

– Bildet eg fekk i gåve var heilt fantastisk, men eg klarte ikkje la vere å smette inn med ein liten politisk kommentar. Kommunal brøyting for private vegar er ei sak eg har kjempa for, og eg måtte nytte høvet ein siste gong i kommunestyret, fortalde Aina smilande då seansen var over.

Vedtaket om fritak var samrøystes vedteke i kommunestyret i kveld.

Bilde Avskjedsgåven Aina Strand (t.v) fekk var eit litografi av Inger Giskeødegård. Til venstre, ordførar Dag Olav Tennfjord.

Stå-på-menneske

I dagens Sunnmørsposten gjekk den avgåtte varaordføraren ut og fortalde korleis jobb, born og lokalpolitikk ikkje let seg kombinere.

– At Aina må gje seg i politikken er ei påminning til oss om at det ikkje er lett for småbarnsforeldre å vere lokalpolitikarar. Då er det ikkje Aina sin situasjon, men rammevilkåra  som er problemet, seier ordførar Dag Olav Tennfjord og held fram:

– Aina verte sakna i politikken i Skodje. Ho er eit skikkeleg stå-på-menneske som stiller opp, og vi har hatt eit særs godt samarbeid. Eg ynskjer ho all lykke i fremtida og velkomen tilbake i politikken når det måtte passe, avsluttar Tennfjord.

Tilhøyrar Aina var invitert til kveldens kommunestyremøte og måtte nøye seg med plass på tilhøyrarbenken.

Kombinasjonen jobb, heim og lokalpolitikk blei for tøff for Aina Strand. Det har skapt debatt:

– Eit demokratisk problem, meiner ordførarar

Hadde ikkje Fride Sortehaug fått auka stillingsprosenten, hadde ikkje småbarnsmora sagt ja til å bli varaordførar i Volda.

Leder: «Det handlar om å legge til rette det politiske arbeidet»