Det blei vedteke med 12 mot 5 røyster på møtet i kommunestyret torsdag kveld.

– Ørskog kommune skal verte ein del av ein ny kommune saman med Skodje, Sandøy og Ålesund frå 01.01.20, heiter det i vedtaket.

Varaordførar Geir Peter Aure (V/Krf) leia møtet, då ordføraren hadde meldt forfall.

– Det er gledeleg at vi no har kome dit, og at vi fekk til dette vedtaket, slik at vi saman med dei andre kan vere med å bygge den nye kommunen. Det er viktig å komme med tidleg der, seier Aure til Smp.no seint torsdag kveld etter møtet.

– Kvifor er det viktig?

– Då får ein i større grad vere med på det som skjer, og legge føringar for det som skal skje seinare, seier varaordføraren, som også meiner det er lurt å kome mest mogleg i forkant av at Stortinget skal gjere sitt formelle vedtak om oppretting av Nye Ålesund, som først vil skje våren 2017.

Ørskog har allereie vore med på eit møte med Ålesund, Skodje og Sandøy om den nye kommunen.

– Framover trur eg det er viktig å sjå moglegheitene framfor vanskane. Eg har tru på ein slaghaftig kommune mellom Ålesund og Bergen, og handlingsrommet trur eg blir større enn folk trur. Som del av ei større kommune kan vi få større slagkraft, og stå sterkare mot utfordringar som fråflytting og i konkurransekraft.

Ørskog var på plass med disse fem på møtet i Ålesund tidlegare i haust. F.v. Janette Steinvik, Karin Simonnes Aanes, Geir Peter Aure, Synnøve Vasstrand Synnes og Olav Kjetil Sjøholt. Foto: Staale Wattø

Trur folkeviljen har snudd

Debatt blei det likevel i kommunestyret då saka var oppe, fortel Aure.

I folkeavstemminga stemte folket klart for det andre alternativet, ei landkommune med Norddal, Stordal og Skodje.

– Vi såg jo veldig at grunnlaget for landkommune minka veldig. Det var ikkje grunnlag for å gå den vegen.

– Trur du at de har folket bak dykk?

– Ja, vi fekk jo sjølvsagt både positive og negative tilbakemeldingar i starten av denne prosessen, men det verkar som om folk har sett at landkommunen ikkje gjekk. Eg trur folkeviljen har snudd i tråd med det som etter kvart har kome fram, seier Aure.

Styringsgruppe

Kommunestyret valde også fem representantar til «Styringsgruppe for bygging av nye Ålesund kommune».

Dei fem blir:

Olav Kjetil Sjøholt, vara: Knut Harstad

Geir Peter Aure, vara: Helene Børretzen Fjørtoft

Thorbjørn Fylling, vara: Therese Sæter

Karen Simonnes Aanes, vara: Arne Abelset

Gert Rietmann, vara: Frode Dyrkorn

Fram til Stortinget sitt formelle vedtak om oppretting av Nye Ålesund kommune har dei valde fullmakt til å møte på vegne av Ørskog kommune i denne gruppa.

Fungerande ordførar i Ørskog, Geir Peter Aure (V/KrF).