- Vi sit med utgiftene for dette. Utlendingsdirektoratet greier ikkje å sende dei hit, sa varaordførar Svein Værnes (KrF) under folkemøtet om innvandring i Sula i kveld.

Eit hundretals publikummarar hadde funne vegen til Friheim Kulturhus i Langevåg for å høyre innvandring- og integreringsminister Sylvi Listhaug leggje ut om regjeringa sin asylpolitikk.

– La gutta få bli i Norge, er beskjeden frå Emilie (17) og dei andre i fakkeltoget

Færre kjem

-Det er mindre tilstrøyming av unge asylsøkjarar, berre 300 hittil i år. Men de skal ikkje kjenne dykk lurt. Eg har full forståing for at de ikkje kan site med utgiftene, sa Listhaug, som lovde å følgje opp saka.

Men om tilstrøyminga av asylsøkjarar er liten, hindra det ikkje innvandrings- og integreringsministeren å måle eit dystert bilete av kva landet risikerer om regjeringa ikkje held på den strenge asylpolitikken.

Dyre innvandrarar

-Sverige er eit døme på kor viktig det er å ha kontroll på innvandringa. Dei mister kontrollen. No koster innvandrarane meir enn heile forsvaret i Sverige, påsto Listhaug og synte også til at landet må stramme inn pengebruken som tidlegare var brukt til å hjelpe flyktningar i området der dei kjem frå.

Biskop kritisk til Facebook-innlegg: – Slike innlegg er en uegnet måte å kommunisere på for en statsråd

Listhaug svarer: – Noen vrir og vrenger på det jeg sier

Norges dopsentral

Det er aukande kriminalitet mellom innvandrarar som ikkje er integrert i nabolandet. Same tendens ser ein i bydelen Grønland i Oslo, som ho kalla «Norges dopsentral». I samarbeid med Oslo kommune går regjeringa inn med pengar for å betre integreringa i denne bydelen.

Ber velferdsstaten

- Eg kallar tida no for «Folkevandringas tidsalder». Vi må ha kontroll på innvandringa dersom vi er redd for velferdsstaten, sa Listhaug, som meinte at det måtte mange års arbeid til for å integrere den asylstraumen som kom i fjor.

Ho meinte norske verdiar som ytringsfridom og demokrati er under press, men at også Norge har noko å lære av familieverdiar mellom innvandrarar. Det viktigaste er å få dei i arbeid. Landet kan ikkje akseptere at dei viktigaste inntektene til innvandrarar kjem frå det offentlege.

Godt motteke

Det godt førebudde foredraget til innvandringsministeren fall i god jord mellom eit stort fleirtal av dei frammøtte på folkemøtet. Øystein Ramsli støtta Listhaug i fleire saker der ho har fått motbør for innlegg, mellom anna på Facebook.

-Eg vart opprørt då ei høyrde hylekoret framføre kontoret ditt. Det er ei skam at vi må oppleve det i Norge, meinte Ramsli.

Klappsalva runga då det frå salen vart hevda at alle med kristen moral må stå opp for dei norske verdiane. Vi kan ikkje få «heile Afrika» hit, vart det sagt.

-Det er viktig å få høyre direkte frå Sylvi Listhaug kva ho meiner om innvandring, seier Jan Arve Sletta (tv). Henning Sletta (foran til høgre) meiner det burde ha vore fleire yngre på møtet. Bak: Einy og Torfinn Rønning.