Politiet har fått melding frå Vegtrafikksentralen om fleire store steinar i vegbana på fylkesveg 650 mellom Liabygda og Linge.

Vegen er stengd, og dermed er fleire hundre menneske isolert frå omverda torsdag morgon. Heile Norddal kommune, samt Geiranger er ramma.

  • Har du tips eller foto? Kontakt oss på 95400400@smp.no eller ring 95400400.

Ingen personar i raset

Det er uvisst kor lenge vegen blir stengd. Entreprenør er på veg, og geolog er rekvirert.

I ei oppdatert melding skriv Politiet i Møre og Romsdal at rasstaden ligg mellom Lingetunnelen og Linge ferjekai. Det skal ikkje vere busetnad i nærleiken, og ingen personar er involvert i raset, ifølgje politiet.

Rammar fleire pendlarar

Rådmann Tor Helge Stavdal i Norddal er pendlar og ein av dei som ikkje kjem seg på jobb i Valldal i dag.

– Det er ikkje mykje å gjere anna enn å venta. No blir det heimekontor, men vi skal ha kommunestyremøte seinare i dag, så eg må inn der, seier Stavdal og håpar stenginga ikkje blir langvarig.

Kommunen har fått opplyst at det ikkje er mykje stein som er kome ned, men geolog må undersøkje fjellsida for å vurdere om det vil kome ned meir.

Kommunen er i beredskap, men ifølgje rådmannen er det ingen fare så lenge stenginga ikkje blir langvarig.

Ordførar Arne Sandnes i Norddal seier til NRK Møre og Romsdal at det vil bli vurdert å setje inn ferje mellom Linge og Liabygda, dersom vegen ikkje blir opna. Dette blir avgjort i løpet av formiddagen.

Raset gjekk mellom Liabygda og Linge i nærleiken av Valldal. Det førte til at vegen til Sjøholt ble stengt. Foto: GOOGLE MAPS

Ny ferjerute

Fjord1 melder at det blir alternativ rute Linge - Liabygda - Eidsdal på grunn av vegstenging etter ras.

  • Frå Linge: 09:00 og 10:50, frå Liabygda: 09:40 og 11:30. Avgang frå Linge til Eidsdal 10:20 og 12:10.

  • Avgang frå Eidsdal til Linge: ca. 10.35.

Obs-varsel og mykje nedbør

Meteorologisk institutt har no gått ut med OBS-varsel om flaum og jordskredfare på gult nivå, ifølgje yr.no.

Varselet gjeld fredag for Nord-Trøndelag, Sør-Trøndelag, Møre og Romsdal og Sogn og Fjordane.

Det er varsla at Møre og Romsdal vil få 70–100 millimeter nedbør, men Sogn og Fjordane kjem verst ut. Der er det varsla mellom 90 og 120 millimeter nedbør i løpet av dagen fredag.

Smp.no har vore i kontakt med geologen på staden. Han står no og ventar på eit helikopter, før dei skal vurdere rasfaren i området frå lufta.

Siste: Linge - Sjøholt: Strekninga på fylkesveg 650 blir opna klokka 11.30. Det blir normal drift i ferjesambandet fra ca. 12.30.

Geolog Halgeir Dahle fortel til smp.no at raset på nokre kubikk hadde spreidd seg mykje nedover.

– Det er ikkje større fare no enn før skredet kom, seier geologen.

Dahle er ikkje bekymra for dei store nedbørsmengdene som kjem fredag, men seier at situasjonen blir oppjuster, slik at det er bedre beredskap enn på ein vanleg fredag.

Sjekk når du får avisa

Avisleveringen har startet i Valldal. Rute 50271 forventes ferdig utlevert kl. 14:30.

Eidsdals rute 50272 forventes ferdig utlevert kl. 17:30.