Det melder avisa Nordre.

Kommunen har bestemt å samle mange funksjoner til eitt kommunehus i Brattvåg og har også vedtatt å gå for ei løysing for Samfjordkvartalet as. Kommunen treng sårt betre arbeidstilhøve.

Tapte anbod om nytt rådhus

Invi AS ville levere lokala til nytt rådhus i Haram, men tapte altså for konkurrenten Samfjordkvartalet AS.

Dei klaga kommunen si handsaming av saka inn for Klagenemnda for offentlege anskaffingar (KOFA) og fekk medhald.

Ulovleg direkteanskaffing

KOFA seier at avtalen til 186 millionar kronar vil vere ei ulovleg direkteanskaffing.

Dette vart kunngjort på Doffin 15. november.

Nordre skriv at det ikkje er kjent kva Invi AS ønskjer å oppnå med søksmålet, men at det kan tyde på at Invi vil stoppe den avtalte utbygginga.