Tradisjonar: Høgskulen i Volda har lange tradisjonar med lærarutdanning. Kaarstadbygget husar lærarutdanninga den dag i dag, og er nyoppussa innvendig.

Tradisjonar: Høgskulen i Volda har lange tradisjonar med lærarutdanning. Kaarstadbygget husar lærarutdanninga den dag i dag, og er nyoppussa innvendig.

Volda sikra lærarutdanninga

Høgskulen i Volda har fått akkreditert dei nye lærarutdanningane for grunnskulen frå hausten 2017.

Denne veka feira skulen med kake etter gladmeldinga.

Det har vore knytt spenning til om Høgskulen i Volda er for liten til å kunne tilby ei lærarutdanning som tilfredsstiller dei nye krava etter omlegginga til den nye femårige utdanninga.

(saka held fram under biletet)

 

– Vi har fått stadfesta at vi har ei god og tradisjonsrik lærarutdanning, seier rektor Johann Roppen ifølgje hivolda.no.

Høgskulen har i haust jobba hardt for å tilpasse utdanninga i Volda til den nye reforma, og svaret frå NOKUT (Nasjonalt organ for kvalitet i utdanningen) blei tatt imot med jubel og spontan kakefest. Det er til no tre høgskular som har fått godkjent udanninga; Høgskulen i Volda, Høyskolen i Østfold, og NLA Høyskolen.

Mer å lese på Sunnmørsposten:
 
Leses nå
 

Forsiden nå:

Sparket og spyttet - traff politibetjent:

- Jeg har HIV og hepatitt

Sunnmøring dømt for vold, trusler og skadeverk.