Musikar Trond Ihle har tonesett diktet til ordførar Arnulf Goksøyr. Høyr Ihle synge «Eg kjenner ei stemme» over artikkelen

Høgre-ordførar Arnulf Goksøyr i Herøy kjem med eit originalt bidrag i diskusjonen kring norsk innvandrings- og integreringspolitikk.

På sin Facebook-profil delte han nyleg sitt eigenskrivne dikt «Eg kjenner ei stemme» - som no er tonesett, sunge inn og lagt ut på Youtube av musikar Trond Ihle (les heile diktet under)

(saka held fram under)

– Treng hjartevarme

I diktet tek ordførar Arnulf Goksøyr eit oppgjer med norsk sjølvgodheit og korleis debatten har utvikla seg.

(saka held fram under)

Ordføraren har personleg kjennskap til personar som har fått avslag på opphald, som gjorde at han engasjerte seh.

Rettstryggleik

Goksøyr har også unge asylsøkjarar i heimkommunen som truleg blir sendt ut av landet. Lokalbefolkninga har denne veka arrangert fakkeltog til støtte for de unge gutane.

Ordføraren seier det er eit spørsmål om rettstryggleik når han engasjerer seg.

(saka held fram under)

Herøy-ordføraren har sjølv stått for drifta av asylmottak i kommunen i fjor. Han påpeiker at mange asylsøkjarar truleg ikkje har rett til varig opphald, og at UDI har vore klare på det tidlegare.

– Ikkje hylekor

Goksøyr peiker samstundes på at debatten står i fare for å drukne i ytterkantar.

Den siste veka har innvandrings- og integreringsmninisteren barka samen med organisasjonen NOAS og skodespelaren Kristoffer Joner i debatten om asylsøkjarar sin situasjon.

– Eg vil ikkje bli identifisert med verken ytre venstre eller ytre høgre og meiner vi må  forsøke å vise at det er ei balanse i det norske folk, utover at vi skal pipe ut kvarandre sitt synspunkt. Eg er verken del av eit hylekor, eller vil bli kalla rasist - og det trur eg er eit tilnærming folk flest har, seier han til smp.no.

(saka held fram under)

– Eg har berre fått positive reaksjonar etter at eg først la ut diktet for nokre dagar sidan, seier Goksøyr som til sist påpeiker spøkefullt at dei ikkje har nytta nokon form for reklamebyrå i arbeidet.

Musikar Trond Ihle har tonesett diktet til ordførar Arnulf Goksøyr. Høyr Ihle synge «Eg kjenner ei stemme» over artikkelen

Her er heile diktet:

Eg kjenner ei stemme

Eg nekter å ikkje bry megEg nekter å synge i korDer alle som ikkje er norskeIkkje er verdig vår jord

Eit tiende det skal vi ytetil den som har det vondtOg evna og viljen skal syteat det gode ikkje går tomt

Eg kjenner ei stemme av uroEi stemme som roper "nok"Skal mennesker krige og lideOg eg berre ha det topp ?

Eg hører dei mange som klagerDei har ingen sans for dei småVi frykter vår eigen velstand vert tatt av ein sliten og grå

Dei rømer frå krig og terrorDei flykta frå krut og kanonOg trakka så stridt over fjella Ein heimstad var jevna med jord

Men broren og søstra er menneskerDei føler , dei frykter og frysDei lever med angst kvar ein morgonEit liv utan kvardagslys

Når faren og mora er borte Når heimen er jevna til grusDei rømer til deler av klodensom lever i sus og i dus

Vi ønskjer å være rettferdigVi ønskjer å hjelpe ein vennViss alt dette god forsvinnerKva har vi då igjen ?

Eg nekter å ikkje bry megEg nekter å synge i korDer alle som ikkje er norskeIkkje er verdig vår jord