Oppdatert onsdag: Formannskapa i Ulstein og Haram stemte tysdag begge ned eit framlegg dei hadde fått på bordet, om å innføre eigedomsskatt.

Delt i Haram

I Haram fremma Randi Walderhaug Frisvoll (KrF) forslaget som råda kommunestyret til å seie nei til innføring av skatten.

To Frp-representantar og ein frå Høgre stemte for KrF-forslaget, medan dei to Ap-representantane og ein frå Senterpartiet stemte mot.

Temaet har vore omdiskutert i Haram, og det er usikkert korleis det vil ende opp når kommunestyret får saka på sitt bord.

Trur på vidare nei

Formannskapet i Ulstein vedtok tysdag å ikkje innføre eigedomsskatt frå neste år. Saka skal vidare til handsaming i kommunestyret 15. desember, og ordføraren trur vedtaket vil stå seg.

- Men slik det ser ut per i dag, blir det heller ikkje vedteke eigedomsskatt i kommunestyret, alle i formannskapet stemde imot, seier ordfører i Ulstein, Knut Erik Engh.

Må finne 13 millionar

- Det gjer at vi må finne eit vis å skaffe 13 millionar på, og det vert truleg gjort gjennom tru på auka skatteinntekter neste år, seier Engh.

Tema