– Vi har enno ikkje nokon brannårsak, men vi er optimistar og trur vi skal greie å finne ut kvifor det tok til å brenne i hotellet, seier lensmann Tormod Hvattum.

Romfløya til Selje hotell vart totalskadd i brann natt til fredag i førre veke.

Så langt ser det ut til at brannen starta i eit rom på sjøsida av hotellet.

– Teknikarane har teke med seg gjenstandar som skal granskast nærare, seier Hvattum.

Les også: Hotellbrannen startet trolig på sjøsida

Han legg til at det er ikkje spor etter innbrot i hotellet som var stengt for vinteren.

Hittil er eit trettitals personar avhøyrde i saka.