Det vart endeleg klart då budsjettavtalen kom på plass laurdag. Skulen arbeider med å gi norske barn i utlandet norskopplæring på nett.

I budsjettet er skulen støtta med 12 millionar.

Det var tidlegare i haust at det vart gjort kjent at Kunnskapsdepartementet foreslo å kutte støtta til skulen heilt. Det førte til ein kraftig mobilisering ifrå støttespelarane til skulen.

Bakgrunn: Kutt til utenlandselever setter Volda-bedrift i fare

– Det har vore eit massivt engasjement og ei fantastisk reise. Vi har fått så mange positive tilbakemeldingar ifrå foreldre og brukarar. Foreldra har stått på gjennom sine organisasjonar og personlege kontaktar opp i mot dei politiske partia, og elevane har engasjert seg. For vår del har det vore ei bevisstgjering for at ordninga er verdt å arbeide for, og at den betyr mykje for dei som bur der ute og skal kome tilbake til Norge, seier Brenne Røv.

– Alle partia hadde forståing for at dette er ei god ordning, det visste vi, men samstundes vart vi bekymra når det vart rot på slutten, at det kunne forsvinne opp i mot bilpakken og alt anna, seier ho.