Knut Øystein Ekroll er branningeniør ved førebyggjande avdeling i Ålesund brannvesen.

– Mange sovnar og blir redda av røykvarslaren. Vi har hatt fleire tilfelle kor vi har fått ut personar i siste liten, seier Ekroll.

Politiet og brannvesenet måtte natt til torsdag ta seg inn i ei leilegheit i Ålesund, etter melding om ein røykvarslar som var utløyst i ein bygard i sentrum.

– Naboar reagerte på ein røykvarslar som peip, og vi sende ein patrulje til staden. Dei fekk ikkje kontakt, og dei kjende først heller ikkje røyk. Men så kjende dei svilukt og braut seg inn i leilegheita, fortalde operasjonsleiar Arild Reite hos politiet.

Inne i leilegheita fann dei ein svartbrent pizza i ovnen og ei sovande kvinne.

– Forholdet blei oppdaga i god tid, men det er klart at røyk og gassar frå slikt kan vere farleg viss ein sovnar, og i verste fall kan ein stryke med, sa Reite.

Smp.no har prata med folk i bygarden. Mellom anna sov ein mann i fjerde etasje seg gjennom heile episoden uten å merke at brannvesenet tok seg inn lenger nede.

Sjekk røykvarslaren

Ekroll i brannvesenet fortel at alle skal ha minst ein røykvarslar i kvar etasje. Den skal dekke området stove og kjøkken.

Men du bør også ha røykvarslar på soverommet.

– Soverommet har blitt eit mykje meir teknisk rom dei siste åra. Det er meir lading og elektronikk når rommet til dømes brukast som heimekontor, seier Ekroll, og meiner det er fleire tennkjelder enn før.

1. desember var det røykvarslaren sin dag. Då delte brannvesenet ut batteri.

Knut Øystein Ekroll er branningeniør. Her forklarar han forbipasserande Rolf Dyb om kor viktig røykvarslaren er. Foto: NILS HARALD ÅNSTAD

– Eg trur folk flest har eit litt slapt forhold til å sjekke røykvarslaren ofte. Ein bør trykke inn testknappen minst fire gongar i året, og særleg etter at ein har vore vekkreist ei stund. Pipinga som varslar om svakt batterinivå kan ha skjedd medan folk har vore vekke, seier Ekroll, som for øvrig anbefaler seriekobling av røykvarslarar.

Til alt hell gjekk det bra natt til torsdag, men det er oppretta sak og kvinna risikerer ei bot for at ho har vore uforsiktig.