I mars skal nemleg norsk spekemat delta på ei diger matmesse i Dubai. Dit kjem det folk frå fleire kontinent.

– Dette høyrest spanande ut, og vi vil gjerne levere til arabiske kundar.

Det seier Rune Lødøen, dagleg leiar i Tind Spekevarer AS på Stranda. Der held dei akkurat no på å gjere klar ein ny sending til Frankrike.

Franske ganar

For dei franske kundane har allereie oppdaga norsk spekemat, gjennom samanslutninga «Fenalår fra Norge», der ni norske produsentar er med.

Mellom dei er altså Tind, Grilstad Stranda, Sunnmøre Kjøtt og Bjorli Fjellmat.

– Vi har fått eit lite fotfeste i Frankrike. Men det har gått treigare enn vi hadde håpt på. Så langt har vi seld om lag 1000 kilo. Men det går stadig framover her, seier Per Berg, styreleiar i «Fenalår fra Norge».

Dei franske kundane kan velje mellom to variantar: Eit tradisjonelt fenalår, rett nok med litt lågare saltinnhald, og ein godt modna variant, med langt mindre salt og mykje meir smak. Den siste er det meir krevjande å lage. Difor er den også dyrare.

Det er denne godt modna utgåva Tind er størst på av alle ni produsentane.

Modna lammelår

Heile 70–80 prosent av dei modna produkta som blir sende til Frankrike kjem frå Tind – som forresten ikkje kallar det fenalår, men modna lammelår som er marinert og speka.

Men no står altså Asia for tur, fortel Per Berg.

– Allereie i dag er det ein nordmann som eksporterer fenalår frå New Zealand til Dubai og Dei Forente Emiratar. Då tenker vi at det også må vere ei moglegheit for oss, seier Berg.

Han legg til at dei allereie har skaffa seg åtte-ti kontaktar i Dubai som kan fungere som døropnarar.

Det neste blir å skaffe seg grossistar som er interesserte i å ta inn den norske spekematen i sin portefølje.

På mange måtar kan dei dra nytte av erfaringane frå Frankrike.

– Der arbeider vi no med å få innpass i daglegvarekjeder. Då kan det fort bli større volum på leveransane våre, seier Berg.

I 2012 fekk «Fenalår fra Norge» status som «Beskyttet Geografisk Betegnelse»av matmerk.

No arbeider dei med å skaffe seg same beskyttelse innanfor EU.