Sidan Herøy-familien via blogg, Facebook og media stod fram og bad om hjelp, har lokalsamfunnet stilt opp.

Blant dei som vil hjelpe, er fire kor som stiller opp med eigen konsert i Fosnavåg kulturhus den 13. desember – til inntekt for den alvorleg sjuke Herøy-jenta Adele Elvira Høydal Sande (1).

Annleis førjulskonsert

I fleire dagar var Adele Elvira på Ålesund sjukehus for å starte på antibiotikabehandling. Her får ho trøyst av mamma Vigdis Høydal Sande. Foto: Nikolas Birkevold Farstad

Initiativtakar er Trude Børjesson Sørdal frå Hareid, som syng i CorSonus.

– Eg har to born sjølv, og saka har gått inn på meg. Når ein familie har det så tøft klarer ein ikkje ordne alt aleine. Dette er noko eg kan gjere for å bidra, seier Sørdal.

Ho fekk raskt med seg CorSonus, og så kom fleire kor til: Tolvtetten, Cervix Vocales og Brandalskoret.

– Det blir ein litt annleis førjulskonsert. Vi gjer det vi liker å gjere, og så håper vi at vi får fullt hus og at vi får inn pengar som kan gå til å hjelpe denne jenta, og også andre.

Familien har oppretta ei stifting, og sagt at overskuddet skal gå til andre born.

LES BAKGRUNNEN: Familien frå Fosnavåg veit ikkje kor lenge dei har vesle Adele Elvira. Men no gir ein ny medisin håp. (abo)

Ny medisin

– Det er rørande å sjå alle som vil hjelpe, seier far Karl-Erik Sande, som anslår at dei til no har fått inn over 250.000 kroner.

Adele Elvira har den sjeldne sjukdommen spinal muskelatrofi type 1. Prognosane er ikkje gode, men familien og legar har tru på ein ny medisin i Sverige.

Helse Møre og Romsdal har sagt at dei vil dekke ambulansetransport. Sande har ikkje full oversikt over kva som vil bli dekt av utgifter til opphald, behandling og pleiarar. Det kan fort bli dyrt.

– Vi veit at vi ikkje får dekt alt. Støtta bidrar til at vi kan sleppe litt vekt frå skuldrene, seier Sande.

For familien vil helst fokusere på andre ting enn økonomi: Dei vil nyte tida dei har med Adele. Skape gode minner. Mykje energi har gått med til å kjempe for at Adele får det ho har rett på, og som familien ønskjer for ho.

Mest mogleg normal julefeiring

Sist Sunnmørsposten møtte Adele Elvira (1), var ho på sjukehuset for å starte ein antibiotikabehandling. Der fekk familien også planlegge reisa til Sverige med teamet frå ambulanseflyet.

– 9. januar skal ho reise til Sverige, og 11. får ho første injeksjon med medisin, seier pappa Sande.

No er Adele heime og får antibiotika fram til bakterie-infeksjonen er borte, og familien prøver å ha ei så normal førjulstid som mogleg.

– Det blir første jula Adele er heime. Vi gler oss til å få vere litt familie og feire jul ilag, seier Sande.