Frp sin gruppeleiar i Møre og Romsdal er krystallklar i sin tale - fylkeskommunen har ikkje lenger råd til å la elbilistar få fritak for avgift på ferjene.

–  Vi er i ferd med å lyse ut store ferjesamband, blant dei Hareid-Sulesund og Aursnes-Magerholm. Trafikken aukar og vi skal ha på plass nye, større og dyrare miljøvennlege ferjer. Samtidig som utgiftene aukar, går billettintektene ned fordi stadig fleire kjøper elbilar. Det er ekstremt dårleg butikk og no har vi nådd eit metningspunkt. Derfor må elbilistar betale, på lik linje med andre, seier Frank Sve, som anslår billettinntektene frå elbilar til fleire millionar kroner per ferjesamband.

Vil ha rask behandling

Sve vil ha saka opp på komande møte i samferdsleutvalet, som er 12.desember.

–  Er det realistisk?

– Ja, vi har ein rask og god fylkesadministrasjon. Og det er andre fylke som allereie har fjerna elbil-fritaket, så dette er ikkje ei sak som treng lang saksbehandling. Og er det ei sak dei bør bruke helga på, så er det denne. Fylket manglar åtti millionar kroner på ferjedrifta, og utgiftene aukar. Det betyr at vi må kutte i resten av tenestetilbudet for å subsidiere ferjedrifta. Slik kan det ikkje halde fram, meiner Sve.

Trur på støtte

Sve kjem ikkje til å gje seg, sjølv om saka ikkje blir lagt fram på det komande møtet i samferdsleutvalet.

–  Alternativet er å legge dette fram for fylkestinget, seier Frank Sve, som trur på politisk støtte:

–  Eg kan ikkje sjå anna enn at dette vil bli samrøystes vedteke.

Forslaget om fritak er nedfelt i fylkeskommunens økonomiplan og har tidlegare blitt vedteke i samferdsleutvalet og fylkesutvalet.

– Men dette må inn som eige vedtak eller som eit punkt i økonomiplanen, og det er det eg no har teke initiativ til, seier Sve som også vil ha eit liknande vedtak som kan oppheve elbilane sitt betalingsfritak på lokale bomvegar. Men også her må fylkeskommunen gjere eit eige vedtak før fritaket kan opphevast, ifølge Frank Sve.

Stimulerer til elbil-sal

Christina Bu, generalsekretær i Norsk elbilforening, håper dette blir nedstemt av fylkespolitikarane.

–  Ferjebillett-fritaket for elbilar handlar om å hjelpe ny teknologi inn på marknaden. Vi veit at slike lokale fordelar er ein viktig grunn til at folk vel å kjøpe elbil, seier Bu.

Og ikkje minst er slike tiltak viktige ute i distrikta.

– Møre og Romsdal har vore ein elbilsinke. På landsbasis har elbilar ein marknadsandel på 15,5 prosent. I Møre og Romsdal er det hittil i år berre 9,5 prosent av nybileigarane som har vald å investere i elbil. Folk i byar og tettstadar har i lang tid kunne velje å køyre elbil. No får vi elbilar med større rekkevidde. Det gjer det også mulig, i større grad enn tidlegare, for folk i distrikta å velje elbil. Men når det er i ferd med å kome på plass, så vil ein altså ta vekk dei lokale fordelar. Det er urettferdig. På sikt kan det bli aktuelt å fjerne fordelar for elbileigarar. Men det er for tidleg å gjere det no, meiner Bu.

I strid med eigne miljømål

Generalsekretæren i Norsk elbilforening ber også Frank Sve studere fylket sine eigne klimamål.

– Møre og Romsdal fylke vil kutte 10 prosent av utsleppa i transportsektoren innen 2020. Når vi veit at bilkøyring utgjer ein stor del av utsleppa, korleis har Frank Sve tenkt å få til dette?

Frp sin gruppeleiar i Møre og Romsdal legg opp til rask saksbehandling. Han vil ha opp framlegget før jul. Foto: Knut Arne Aarset
Christina Bu opnar for å fjerne fordelar som elbilistane har - på sikt. Men ho meiner det er for tidleg å ta vekk eit lokalt tiltak som ferjebillett-fritak i Møre og Romsdal no. Foto: Norsk elbilforening