Dette hevdar ordførar Stein Aam (Sp) i Ørsta. Han viser til Møre og Romsdal sine planar om å byggje ut det vidaregåande skulesystemet i Ålesund, men meiner denne utbygga no må setjast på vent. Saka kjem etter alt å døme opp til diskusjon alt på det komande fylkestinget måndag og tysdag komande veke.

– Alt før bygginga startar opp, er det kjent at det i Ålesund vil gje ein overkapasitet på minst 600 elevplassar.

– Når vi ser, veit og opplever på kroppen at andre vidaregåande skular her i fylket har både sprengd elevkapasitet og er totalt nedslitne, vil fylket si utbyggingsprioritering i denne saka vere totalt på trynet, seier Stein Aam – og vedgår at han tek litt sterke ord i bruk.

– Nye fakta

Med seg til å fronte den økonomiske omprioriteringa har han fått partikollega og ordførarkollega Geir Inge Lien frå Vestnes. Han sit sentralt til i den politiske økonomistyringa i fylkeskommunen.

– Greia er at mange viktige opplysningar i denne utbyggingssaka aldri har kome på bordet til oss som skal ta avgjerdene. Dette er såpass viktige ting at dei no må fram i lyset for alle, snarast, insisterer Lien.

– Som kva då?

– Som at det vil koste bortimot uante summar å klatte på den forfalne bygningsmassen her i Ørsta. Hundre millionar.

– No viser ein ny rapport og nye tal at eit nybygg her i Ørsta vil kome på kring 200 millionar kroner, maksimalt 250 millionar. Når kommunen no vil gå inn og kople eit nybygg i hop med Ørsta kulturhus, er det ikkje tvil om at dette framtidsretta alternativet må seriøst vurderast før vi går vidare, hevdar Lien.

Avviser omkamp

Men Ålesund har alt fått prioritet for si utbygging. Går Senterpartiet no for ein omkamp?

– Nei, ingen omkamp. Derimot er dei nye opplysningane i desse utbyggingssakene så avgjerande at dei berre må vurderast på nytt, seier Lien.

Omvising i elende

Sunnmørsposten og lokalavisene får vere med på ei grundig omvising gjennom dei mange og gamle undervisingslokala.

Nokre stader sit elevar på ganggolvet medan dei et nista si. Andre stader syner det seg å vere svært trongt om saligheita i romma der undervisninga føregår. Også på lærarrommet er det åletrongt og langt unna lovpålagde fasilitetar. Verst er det kanskje at vindauga i mest alle bygg er bolta for ikkje å blåse ut, og motsett veg lek dei store mengder vatn inn på golva.

– Berre armoda dette her, seier avdelingsdriftsleiar Eldar Lund der han viser rundt. Han er ikkje i tvil: – Vi har søknad frå mange elevar som det ikkje er plass til mellom dei 320 vi kan ta imot og huse årleg, på det viset som er.

– I staden for å byggje ut alt i Ålesund til veldig overkapasitet, må ein berre setje det prosjektet litt på vent.

– Å bruke fleire titals millionar på å flikke på dette gamle, som likevel aldri kan bli korkje tidsmessig eller bra, er nesten som å kaste pengane ut av vindauget, hevdar Lund.

Rektor

Rektor Roger B. Fylling er av same oppfatning.

– Eg ser korkje logikk eller fornuft i den kursen fylkeskommunen no stemner etter.

– Eg håper veldig at nye tal, nye rapportar og framtidsretta vyar kan verte diskuterte både fritt og inngåande før noko vert endeleg avgjort, ber han. Rektoren meiner det vil vere svært uheldig om elevar som elles kunne få tilbod om skuleplass i nærmiljøet, i framtida kan måtte bli tvinga til å reise til tomme elevplassar i Ålesund. – Ja, det ville i så fall vere svært dårleg politikk for oss i Senterpartiet, stemmer ordførar Stein Aam i.

Oppgitt Eva Vinje Aurdal

I Ålesund ser ordførar Eva Vinje Aurdal dette som ein rein omkamp.

– Eg kjenner at eit slkt utspel, endå ein gong, berre gjer meg oppgitt og opprørt. Viss der ikkje finst heilt nye opplysingar, som eg ikkje kjenner til, så er det vanskeleg å sjå på dette som noko anna enn forsøk på rein omkamp. Og det er i så fall politisk uheldig, seier Ålesund-ordførar Eva Vinje Aurdal.

– Kva med påstanden om å byggje overkapasitet i Ålesund?

– Når det gjeld byggetrinn 1, er det ikkje snakk om overkapasitet i det heile her hos oss. Det er elles ei kjensgjerning at Nordmøre har reist med ein forholdsmessig svært stor del av kaka til vidaregåande skular i Møre og Romsdal.

– I tråd med dette var eg i utgangspunktet svært innstilt på å kjempe Ørsta si sak for meir midlar til utbygging. Men slik dette ser ut til å utvikle seg, vert eg veldig i tvil, seier Eva Vinje Aurdal til Sunnmørsposten.

Ordførar Stein Aam i Ørsta vil ta ylkeskommunen inn i eit fangtak for å bygge ny vidaregåande skule og kulturhus. Her i lag med Geir Inge Lien t.v. og rektor Roger B. Fylling. Foto: Knut Arne Aarset