Det er Vikebladet Vestposten som melder dette.

I eit skriv til rådmannen opplyser hovudverneombod Endre Johan Ose at asbest er kreftframkallande. Han har difor stengt av eit kontor i rådhuset på grunn av mistanke om farleg byggestøv.

– Risikoen oppstår først når lause asbestfiber opptrer i form av støv som kan pustast inn, skriv Ose. Asbestplater er normalt ikkje skadelege med mindre dei blir utsette for påkjenningar.

Ifølgje Vikebladet skriv rådmann Ragnhild Velsvik Berge i ein kommentar at det er godt kjent at lysrøra på rådhuset inneheld eit helseskadeleg stoff kalt, PCB.

– Forholdet er tema i ei arbeidshelseundersøking og er blitt særleg aktuelt i no igjen i samband med budsjettarbeidet for 2017, skriv ho ifølgje avisa.

Rådmannen stadfestar også det Ose melder om, altså «muleg funn av asbesthaldige materiale i veggane».