Orførarne Dag Vaagen i Sande og Arnulf Goksøyr iHerøy skreiv under intensjonsavtalen torsdag formiddag.

– Vi delerei stor øy saman, Gurskøya, og har også vore saman før. Så dette erbåde å sjå framover og bakover. Det viktigaste er at vi no samlartenestene for å stå sterkare, seier Arnulf Goksøyr.

– Vi villehelst slå oss saman i ein større kommune, men det er dette som noer det realistiske alternativet, seier ordførar Dag Vaagen i Sande.

Den nye kommunen får 11.500 innbyggjarar, og kommunesenteret blir iFosnavåg. Men det skal og vere kommunale tenester ved rådhuset iSande, som ligg på Larsnes.

Stabs- og støttefunksjonar ogmellomleiinga skal fordelast etter ein 70 -30 nøkkel mellom dei togamle kommunane, står det i intensjonsavtalen.

Intensjonsavtalenskal handsamast på dei neste kommunestyremøta, og det vert lagt opptil folkeavstemming i januar, truleg 19.januar.

Dei som harforhandla om avtalen foreslår at kommunen skal heite Havøy.

– Vivar samde om at vi måtte han eit nytt namn, og leitte etter nokosom har med havet og øyar å gjere, og ikkje noko fjell. Då Havøykom opp vart alle samde om det, seier Arnulf Goksøyr i Herøy.

Namnet skal endeleg bestemmast av fellesnemnda som skal iverksetjeei eventuell samanslåing.