Det opplyser styreleiar Oskar Gjærde.

Reduksjonen i talet på tilsette skjer i samband med at Tind snart skal flytte saman med sin nye eigar, Grilstad, som også har eit anlegg i bygda – tidlegare Stranda spekemat.

– Det er alltid ei viss utskifting i staben hos Grilstad, så dersom det blir ledig noko, så vil dei fem frå Tind ha førsterett på jobb, legg Gjærde til.

Han seier at Tind skal produsere i dei noverande lokala til ut i mars, før produksjonen av merkevara Tind blir flytta.

– Det vil bli produsert ekstra mykje for lager før flyttinga, slik at ein har litt å gå på, forklarer Gjærde.

Grilstad AS overtok Tind Spekevarer AS i september i år.

Tind har 29 tilsette.