Ein intenasjonsavtale mellom partane vart underskriven denne veka.

– Utvidinga skal vere i samsvar med den nye reguleringsplanen, som det no er varsla oppstart av. Ei utfordring i reguleringsarbeidet vert å finne gode løysingar for offentleg parkering, står det på kommunen sine heimesider.

Samtalar

I samband med signeringa av avtalen vart det halde samtalar med andre investorar i sentrumsområdet, der mulegheitene for samarbeid og felles løysingar vart drøfta.

Dette vert no følgd i samband med reguleringsarbeidet og medverknadsprosessane der.

– Avtalen skal godkjennast av Amfi sitt styre og Ørsta formannskap, før den vert gjort gjeldande, opplyser kommunen.