- To kommunar som slår seg saman treng ikkje å ha felles grenser. Det har kommunaldepartementet sagt, seier Selje-ordførar Stein Robert Osdal til fjt.no (krev innlogging).

Selje skal i forhandlingar med Eid ha opplevd ein langt meir positiv tone enn det dei opplevde med Vågsøy. Målet no er at dei får på plass intensjonsavtale om samanslåing i løpet av januar.

Positive rådmenn

Kommunestyra blir allereie i neste veke oppmoda om å seie ja til å starte arbeidet med intensjonsavtale om sammenslåing av Eid, Selje og eventuelt Vågsøy.

Selje Stein Robert Osdal (KrF) er ordførar i Selje. Foto: Privat

Etter at Vågsøy avslo Selje sitt krav om å legge kommunesenteret i Vågsøy-Selje til Selje, har Selje teke opp igjen dialogen med Vanylven og Eid om samanslåing, ifølgje fjt.no.

No kan dei vere villig til å ofre kommunesenter, slik at Nordfjordeid blir kommunesenter i den nye kommunen.

Snakkar likt

Selje-ordførar Stein Robert Osdal (KrF) seier til Fjordenes Tidende at dei har opplevd stor forståing frå Eid for at ein må jobbe for å utvikle kommunikasjonen på kysten, og spesielt i Selje.

I tillegg meiner han dei snakkar veldig likt om satsinga på kultur og turisme.

Stein Robert Osdal (KrF) er ordførar i Selje. Foto: Privat