Striden handlar om storleiken på gytebestanden av norsk vårgytande sild. På den eine sida står Havforskingsinstituttet (HI). På den andre sida ei gruppe fiskarar, som meiner det er langt meir sild i havet enn det forskarane har rekna seg fram til.

– Eit slik støynivå som vi har hatt bringar oss ikkje vidare på ein konstruktiv måte, sa havforskingsdirektør Sissel Rogne under årsmøtet i Fiskebåt Vest.

Opprøret mot den etablerte havforskinga vert fronta av fiskebåtreiarar frå Midsund, mellom dei Torfinn Gangstad og Arnt Inge Nygård. Desse fekk vatn på mølla då totalkvoten for nvg-sild noko overraskande vart dobla i forhold til i fjor.

Det internasjonale havforskingsrådet har kalla kvoteauken eit resultat av ein «metoderevisjon», og fiskarane tok dette som ein siger.

– Dette er formidabelt, og eit resultat av det arbeidet vi har gjort for å setje fokus på forskarane sine metodar, sa Torfinn Gangstad i Pelagisk dugnad til Sunnmørsposten då forskarane la fram si kvotetilråding.

Åtvara mot splid

Denne gruppa av fiskebåtreiarar har jobba for å skaffe fram alternativ til Havforskingsinstituttet sine råd. Det er direktøren ved HI skeptisk til.

– De må tenkje på om det verkeleg er så lurt å byggje opp eit alternativt forskingsmiljø, sa Sissel Rogne på årsmøtet.

Ho viste til det som skjer i universitets og forskingssektoren, der norske institusjonar slår seg saman.

– Dette er ikkje tida for splitting. I staden for å slå kvarandre i hovudet med argument må vi samarbeide slik at vi kan nytte ressursane best mogeleg, og gi best mogeleg råd. Det er viktig at vi blir sett i korta, men vi treng ikkje alternative råd, seier Sissel Rogne.

Ho forsikrar fiskebåtreiarane om at Havforskingsinstituttet set ressursforsking, og spesielt forsking på nvg-sild, høgt på prioriteringslista.

Dialog

Fiskebåt har nyleg tilsett ein eigen ressursforskar, og det meiner havforskingsdirektøren berre er positivt. Det er ikkje forholdet til Fiskebåt som er problemet.

– Vi er opptatt av dialog, forsikra administrerande direktør Audun Maråk i Fiskebåt.

Fiskebåtreiar Arnt Inge Nygård frå Midsund, som er ein sentral person i Pelagisk dugnad, var ikkje så diplomatisk.

– Vi opplever havet på ein annan måte enn forskarane. Vi vil bidra på konstruktiv måte, men vi kan ikkje sitte der som nokre dottar, dersom vi ser at de forskarar gjer noko vi meiner er gale, sa Nygård på årsmøtet:

I helga skal havforskingsdirektøren besøke Midsund, og møte sine argaste kritikarar.

Direktør: Sissel Rogne er direktør ved Havforskingsinstituttet. Foto: svein aam