Det seier Anne Berit Støyva Emblem (43) etter å ha takka ja til tilbodet om å bli prosjektkoordinator for nye Ålesund kommune.

Det er arbeidsutvalet for dei fire kommunane som per i dag utgjer den nye kommunen som har tilbydd Emblem stillinga, som er eit vikariat på eitt år. Arbeidsutvalet består av ordførarane frå Sandøy, Skodje, Ørskog og Ålesund.

- For meg er dette den mest spennande jobben på Sunnmøre, legg ho til.

- Sjølv om det er eit vikariat?

- Ja, kjem det kontant.

- Utmerka seg i søkarbunken

I ei pressemelding, måndag heiter det frå Skodje-ordførar Dag Olav Tennfjord at Emblem utmerka seg i søkarbunken som ein særs godt egna kandidat. Tennfjord er nestleiar i arbeidsutvalet, men har hatt hovudansvaret i tilsettingsprosessen.

- Med lang og variert erfaring med prosessleiing i offentleg sektor og ansvar for ei rekke omstillings- og endringsprosjekt har ho svært god bakgrunn for stillinga. Tilbakemeldingar frå tidlegare arbeidsgivarar bekreftar gode leveransar og høg fagleg kvalitet, seier han.

- Vi er glade for å ha kome i mål så pass raskt med en person som er så kompetent. Fordi det framleis er usikkert kor mange kommunar som blir med kan vi førebels ikkje tilsette den som skal bli ny rådmann i den nye kommunen. Med Emblem får vi ein person med brei erfaring som kan halde i prosjektet og sørge for framdrift til vi har ein ny rådmann på plass, legg han til overfor smp.no.

Lang erfaring

Anne Berit Støyva Emblem har hovudfag i administrasjonsvitskap frå Universitetet i Bergen, der vekta ligg på kommunal og regional organisering. Vidare har ho åtte års erfaring frå Kystverket sin HR-stab der omorganisering har vore mellom dei viktigaste oppgåvene. Tilsvarande oppgåver har ho hatt i Politidirektoratets prosjektstab, der ho arbeidde i sju år. Ho er oppvaksen i Stryn og flytta frå Oslo til Ålesund saman med familien i 2009.

Stillinga hadde søknadsfrist 6. desember og i alt var det 14 søkarar til jobben. To av desse vart innkalla til intervju.

Emblem kan gå inn i stillinga som prosjektkoordinator i januar etter å ha fått permisjon frå sin noverande jobb i Kystverket.