I 2011 flytta Rogne til Guatemala for å vere med på Design uten grenser. Her fekk ho eit innblikk i situasjonen for dei med funksjonsnedsetting i Guatemala, og bestemte seg for å starte organisasjonen «Rullande Draum».

På besøk Jannicke Ejcalon Rong på besøk i Guatemala der ho møtte igjen ein som har fått rullestol, og ser resultatet av arbeidet ho og mannen engasjerer seg i.

Det var også her ho først kom i kontakt med «Transitions Foundation», ein organisasjon som dei i dag samarbeider mykje med, og kor ho også møtte Sincal.

Han manglar nemleg sjølv eit bein, og jobba for organisasjonen som arbeidar for å mobilisere personar med funksjonsnedsetting, gjennom blant anna rehabilitering og å gje dei arbeid på ein protese- og rullestolfabrikk.

Ein dødsdom

– Å ha ei funksjonsnedsetting i Guatemala er nærmast som ein dødsdom. Hjelpemiddel kostar mykje pengar, og kan ikkje folk gå, er dei nøydde til å bli borne rundt av foreldra. Ein kan ikkje gjere så mykje anna enn å sitte å vente på at nokon skal sponse ein med ei protese, fortel Sincal som dermed sjølv har vore i målgruppa til «Rullande Draum», og veit kor mykje arbeidet dei gjer i samarbeid med «Transitions Foundation» betyr for mottakarane.

1000 kilo over Atlanteren

I skrivande stund er det ein container på veg over Atlanteren, fylt med rullestolar og protesar som til saman utgjer omkring 1000 kilo.

– Vi ser at hjelpa dei tek imot utgjør ein forskjell på mange plan, fortel dei.